Auka ørnebestand gjev sauenæringa problem
Tarjei Vistad i Tokke mista to lam på Vistadheia for eit par veker sidan. Båe blei tekne av ørn.
– Onsdag for to veker sidan var Geir Olav, son min, inne på heia for å sjå etter sauene som nyleg blei sendt på beite der. Han sette seg ned og like etter kom to ørnar flygande lågt over området på jakt etter lamma som gjekk der. Han skremde fuglane vekk før dei fekk forsyne seg, men etter ein runde i området fann han likevel eitt lam som hadde blitt offer for ørna, fortel Vistad.
SNO stadfester
Statens naturoppsyn (SNO) blei kontakta og Sveinung Olsnes stadfestar at det var ørn som hadde drepe lammet. Det same kunne han laurdagen etter då nok eitt lam blei funne i området.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg stadfestar at to lam er drepne av ørn. Det er nokså greitt å dokumentere når dette skjer. Utfordringa er å finne lamma. Generelt sett opplever me ein auke i ørnebestanden i Noreg, seier Olsnes.
Likar ikkje vinterfôringa av ørn
Vistad er uroa for sauene på Vistadheii, og han meiner det blir vanskeleg å unngå at ørna tek fleire lam framover.
– Dette betyr at me må nærast dagleg halde tilsyn med dyra. Slik kan me ikkje ha det, og eg er overtydd om at bestanden av ørn har auka monaleg dei seinare åra. Eg er heller ikkje i tvil om at vinterfôringa som Jostein Hellevik driv med på Vistadheia har bidrege til dette, seier Vistad.
Hellevik fôrar slik at fotografar kan ta flotte bilete av ørn og andre rovfuglar i området. For fire år sidan skreiv VTB om dette, og i den samanheng blei det retta spørsmål om ikkje bestanden av ørn ville auke ved slik fôring. Då uttala både Odd Frydenlund Steen, seniorrådgjevar i miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen i Telemark, og Torgeir Nygård, seniorforskar ved NINA i Trondheim, til VTB at slik fôring ikkje ville ha negative konsekvensar for husdyrhald i området.
– Eg er klar over kva dei meiner om det, og dei kjem nok aldri til å vedgå at dei tek feil. Dei vil truleg også nekte for at ørn tek lam i det heile. Men me som opplever dette så nært veit at fôringa faktisk har gjort at det er fleire ørnar i området no. Det er nemleg slik at dess fleir ørnar det er, dess mindre territorium tek dei til takke med. Og fôringa betyr derfor at lamma er meir utsette no enn før. Det er bevist dei siste dagane, meiner Vistad.
Skadefelling av kongeørn
Tidlegare denne månaden gjekk fleirtalet på Stortinget inn for å vidareføre eit prøveprosjekt der det vert gjeve løyve til uttak av kongeørn. Bakgrunnen er mellom anna store husdyrtap til ørn både i Nord-Trøndelag og Troms.
Norsk Sau og Geit skriv på sine heimesider at prosjektet er eit viktig grep for næringa, og gjer det mogleg å forvalte bestanden av ørn i særlege belasta område. Dei skriv også at kongeørn er ein robust rovviltbestand i Noreg, og at det derfor er fornuftig å forvalte han på lik line med anna freda rovvilt, som ulv, jerv, bjørn og gaupe.
Regjeringa har også blitt beden om å sende på høyring framlegg til endringar i reglane om skadefelling av kongeørn.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Imot fôring av rovdyr
Sverre Bakke, landbrukssjef i Tokke, fortel at det er på denne tida av året ørna er mest aktiv i forhold til å ta lam.
– Eg er i prinsippet imot all fôring av ville dyr. Det gjeld også hjort og elg på lik line med rovdyr, seier Sverre Bakke, landbrukssjef i Tokke.
– Ørna er nok meir avventande når lamma blir større, legg han til.
Bakke fortel at så langt han har observert, har bestanden av ørn auka i Tokke på lik line med fleire andre stader i landet. Og han meiner at tettleiken dermed har blitt større.
– Det er på grunn av auken i ørnebestanden at fleirtalet på Stortinget vil setje i gang prøveprosjektet med å ta ut ørn i enkelte område, seier han.
– Men fleire forskarar meiner at ørna er territorial og at ein ørnefamilie i snitt har eit område på 11 kilometer i radius som dei rår over. Kva tenkjer du om det?
– Det er nok tilgangen på mat som set grensene. Er det enkelt å få tak i mat er eg viss på at dei klarer seg med mindre område, og dermed ser me ein heilt annan tettleik av ørn enn før, svarar Bakke.
– Ørnebestanden har auka monaleg
Jon Aslak Austjore er leiar i Telemark Sau og Geit. Han fortel at han sjølv har mista to lam som er dokumentert tekne av ørn.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det skjedde faktisk på haustparten i 2014 og 2015, noko som er uvanleg då lamma har blitt nokså store. Ørna er eit aukande problem for sauenæringa, og eg er ikkje i tvil om at bestanden har auka monaleg dei seinare åra. Men det er vanskeleg å dokumentere både at lam blir tekne av ørn og at bestanden har auka. Me som driv med sau er likevel heilt sikre på at det har blitt mykje meir ørn i området. Det ser me med eigne augo, seier Austjore.
Han er uroa over utviklinga, og er tydeleg motstandar av å fôre ørna og rovdyr generelt.
– Det er nok ikkje tvil om at ørna vel å bruke så få kaloriar som mogleg i jakta på mat. Dermed trur eg ganske sikkert me kan seie at territoriet deira også blir mindre, meiner han.
– Ørna er eit aukande problem for oss, og eg ser at det kan vere på sin plass å regulere bestanden. Fôringsstader for ørn gjer ikkje saka betre, slår Austjore fast.
– Opprør blant naturinteresserte
Jostein Hellevik er opprørt over prøveprosjektet som Stortinget har sett i gang. Han og fleire med han er fortvila over politikarane.
– Det er opprør blant alle naturinteresserte folk, og den skaden ørna gjer er bagatellmessig. Eg har vanskeleg for å setje ord på det som no er i ferd med å skje, seier han.
Hellevik meiner Noreg blir uglesett for den rovdyrpolitikken som no blir ført.
– Både nasjonalt og internasjonalt blir Noreg sett på som landet som hatar naturen, meiner han.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kva med vinterfôringa og dei to lamma som nyleg er tekne på Vistadheia?
– Eg har ikkje lyst til å kommentere det utover at ein må hugse på at ørna har eit avgrensa territorium, og at det regulerer kor mykje ørn det kan vere i eitt område, svarar Hellevik.
Vil ha lisensjakt
Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk har klare meiningar om kva som må skje med den aukande ørnebestanden.
– Me meiner at bestanden av kongeørn no er metta. Det er faktisk ikkje plass til fleire i landet vårt. Dermed vil det beste vere å innføre lisensjakt på denne rovfuglen, seier leiar i aksjonsgruppa, Nils Solberg frå Tistedal.
Han meiner det i praksis er nærast umogleg å stadfeste kor mange lam ørna kan ta i løpet av ein beitesesong.
– Ørna tek byttet med seg og et opp det meste. Resten blir liggjande og blir eit matfat for både rev og andre rovdyr og rovfuglar. I praksis blir det sjeldan noko att av det ørna fangar, og dermed vanskeleg å spore kadaveret, seier han.
Les saka frå 2012 her.