Avgjerande for levande grender

Leiar

Interiør er tydeleg i vinden. I løpet av åtte dagar i oktober har det opna butikk i låvar både i Dalane og Åsgrend. Det er ikkje daglegdags for dei to grendene i Kviteseid kommune, for å seie det mildt. Flotte grender, men noko stor handelshistorie kan ingen av dei skryte på seg.

Det er lagt ned mange timar med oppussing for å kunne ynskje gjester velkomne i låvane.

Artikkelen held fram under annonsen.

På Moland i Dalane fylgjer Kristin Valen og Andres Noraberg draumen sin og skaper ein møteplass på garden. Dei vil vera mest mogleg på den idylliske plassen øvst i Dalane.

– Me har så stor verdi av å vera her sjølve at me gjerne vil vidarebringe det til andre, uttala Kristin Valen til VTB.

Butikken har ope fredagar og laurdagar fram til jol, og i tida framover blir låven fylt med småinteriør.

– Dalane er ei grend der det spirer og gror, og som det er fint å få vera ein del av, sa Valen.

I Åsgrend er ikkje konseptet veldig ulikt. Også her er interiør sentralt. Laurdag opna dei dørene til Siloen, Heggveit gardsbutikk.

– Me har litt nytt, litt bruka og diverse heimelaga, seier Bjørg Heggtveit, Ida Marie Susort Heggtveit og Ingunn Birkeland. Dei vil ikkje bruke ordet «kafé», men lovar også litt å bite i til kaffien om laurdagane:

– Når me narrar folk til Åsgrend, må me ha noko å tilby. Dei veit at dei nok ikkje blir rike på satsingane, og butikken er ein hobby ved sida av dei daglege jobbane. Både i Dalane og Åsgrend byrjar dei forsiktig, men dei har båe plassar planar utover den tradisjonelle gardsbutikken.

Felles for dei fem etablerarane er at dei vil at noko skal skje i bygdene dei bur i. Om noko skal skje, kan dei ikkje sitje stille og vente. Dei må gjera det sjølve. Og dei gjer det; skaper trivelege møteplassar i grendene som frå før ikkje hadde faste samlingsstader.

Artikkelen held fram under annonsen.

Slike menneske er avgjerande for grender som ynskjer å ha merkelappen «levande».

Om noko skal skje, kan dei ikkje sitje stille og vente. Dei må gjera det sjølve.