Avgjerande møte mellom avisene og Posten
Framtida for svært mange aviser her i landet står på spel førstkomande måndag når mediebedriftene og LLA møter Posten for å forhandle om den varsla portoauken.
Landslaget for Lokalaviser og Mediebedriftenes Landsforbund er på offensiven og forlangar at Posten reduserer på krava.
Etter dette møtet vil vi avgjere om det i det heile er nokon vits i å halde fram med forhandlingane, eller om vi må finne på noko anna. Noko er nøydd til å skje, seier Rune Hetland i LLA.
Artikkelen held fram under annonsen.
Situasjonen er fastlåst. Posten står fast på at avisene dei tre næraste åra skal ut med 200 millionar kroner meir for å få liggje i postveskene. Dei første 100 millionane vil Posten ha neste år, så 50 til året etter og året etter.
Utarming ventar
Aviser døyr ikkje av nakkeskot. Dei døyr av utarming.
Det var Helge Simonnes i Mediebedriftenens Landsforbund (MBL) og Rune Hetland frå Landslaget for lokalaviser (LLA) samde om då dei torsdag presenterte Postens planar om massiv portoauke for avisene.
Derfor ville ikkje dei to talfeste kor mange aviser som kjem i faresona når Posten i gjennomsnitt aukar prisen på å putte aviser i postkassa med 75 prosent dei næraste tre åra, men dei etterlet ingen tvil om at mange vil kome til å slite.
For dei 82 medlemsavisene i LLA utgjer portoauken berre det første året meir enn det samla overskotet for dei same avisene. For ei avis som Dagen i Bergen vil portoauken berre neste år bli over 40 prosent, for somme lokalaviser over 35.
Ei underleg historie
Historia starta med at Linjegods klaga til Post- og Teletilsynet over at eit blad dei skulle sende ut ikkje fekk porto etter bladsatsane. Post- og Teletilsynet slo då fast at innhald ikkje kan vere basis for prissettinga til Posten. I konsesjonen til Posten står det at prisane skal vere «kostnadsbaserte».
Og medan avisbransjen ante fred og ingen fare sat Posten og rekna prisar og kostnader. Ut av hatten ramla det i juni i år eit forslag om at avisene dei tre næraste åra skal ut med 200 millionar kroner meir for å få liggje i postveskene.
Frå nyttår kjem det ein prisauke på 25 prosent på lokaltakstane, 25 på regionaltakstane og heile 45 prosent på rikstakstane. Dermed blir det uendeleg mykje dyrare å sende aviser frå sentrum til utkant og frå utkant til sentrum.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dette rammar riksaviser som Vårt Land, Nationen og Klassekampen ekstra hardt, og dessutan den delen av avisopplaget til lokalavisene som går til sentrale strok.
Og verre skal det bli
For lokalavisene ligg det dessutan ein trussel og ventar når Posten om to år skal leggje om heile portosystemet. Då har dei fortalt at lokalavisene skal takast ekstra hardt, opplyser Hetland.
Hetland og Simonnes meiner Posten gjennom prissetjinga si utnyttar det faktiske monopolet Posten har så lenge dei har eineretten på å sende rundt brev under 100 gram. Dette hindrar effektivt konkurranse, og for avisdistribusjon i grisgrendte strøk eksisterer det derfor ingen reelle alternativ til Posten. Avisorganisasjonane ber også Posten om å roe ned tempoet i prisauken, slik at avisene får ein viss sjanse til å områ seg.
Etterlyser politikk
Dette er også eit spørsmål om ytringsfridom og mangfald i avisbransjen, slår Helge Simonnes, sjefredaktør i Vårt Land, fast. Han meiner politikarane skriv frå seg ansvaret for den mediepolitiske verknaden av portoauken, og både han og Hetland lurer på om det er slik at Posten skal vere utanfor all politisk kontroll.
Vi har fått vite at Posten ikkje har kulturpolitisk ansvar. Kven har det då? spør Simonnes retorisk.
Faktisk er det slik at politikarane har vedteke å fristille Posten, men utan å seie eit ord om kva som då skal vere Postens ansvar, følgjer Hetland opp.
Begge peiker på at politikarane ikkje har noka heilskapstenking i denne delen av mediepolitikken, og at det er mediepolitisk viktig illustrerer Hetland med å påvise at portoauken utgjer meir enn den samla statsstøtta til fådagsavisene.
Konsesjonsendring
Den einaste løysinga på sikt er at politikarane går inn og endrar konsesjonsvilkåra til Posten slik at det vert lagt til rette for levelege vilkår for avisene, seier Rune Hetland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Enten må dei gjere noko med konsesjonen, eller dei kan sjølvsagt opprette distribusjonsstøtte slik vi kjenner det frå andre land, eller auke produksjonsstøtta. Blir det ikkje gjort noko, er det mange som kjem til å hamne i djup krise.
Posten speler ballen til Kulturdepartementet
I ei pressemelding gir konsernsjef Kaare Frydenberg i Posten uttrykk for irritasjon over at avisbransjen går ut mot planane om portoauke for avisene medan partane er i forhandlingar.
I pressemeldinga går det likevel klart fram at Posten ikkje har særleg med godbitar på lager til avisene. Dei argumenterer med at det er dyrt å sende rundt aviser, at avisene må betale det det kostar, og at Samferdselsdepartementet har støtta Postens framgangsmåte.
Posten vedgår utan vidare at «Den planlagte prisøkningen på avis- og bladporto vil være vesentlig».
Frydenberg sender ballen vidare til Kulturdepartementet:
Aviser er ei stor og viktig kundegruppe for Posten. Me lever av distribusjon og ønskjer eit høgt avisopplag i Noreg. Om det er nødvendig med økonomisk støtte for å få eit høgt avisopplag, er ikkje det ei sak for Posten, men for Kulturdepartementet, seier han i pressemeldinga.