Avhengige av turistar og hyttefolk
Hadde det ikkje vore for turistane og hyttefolket, ville det nok ikkje ha vore nærbutikk i Kyrkjebygda i Nissedal.
Mette Sandvik og Atle Vaa overtok drifta av Nissedal landhandel 1. desember 2007. Etter snart halvtanna års drift kan dei slå fast at omsetninga i påska, jola og om sommaren bergar verksemda.
Me er avhengige av turistar og hyttefolk, men det hjelper godt på når mange bygdefolk handlar her også, seier paret.
Artikkelen held fram under annonsen.
Påskeomsetninga i fjor var veldig bra, og det toppa seg onsdagen. Påskeeftan stod folk og venta på at butikkdøra skulle opne klokka åtte. For akkurat denne laurdagen er ein nøydd til å sleppe kundane inn tidlegare enn vanleg.
Den ekstra opningstimen om morgonen er god å ha på ein slik dag. Det var omtrent som ei maurtue her, smiler drivarane.
Beste handelsveka
Alt fredagen før påska hadde starta skikkeleg i fjor, merka butikken kundeflaumen. Etter kvart gjekk butikken tom for mellom anna grønsaker, og Vaa måtte til Skien for å få tak i meir av desse varene.
Førebuinga til årets påske har gått i eitt. Me har tidleg handla inn mykje varer me gjekk tome for i fjor, til dømes egg, jus, toalettpapir og grønsaker, fortel drivarane.
Kvar opningsdag i påska blir det lange arbeidsdagar på Mette, men det synest ho bare er moro.
Butikkyrket er veldig artig no når eg har kome inn i det, smiler ho.
I påska må butikken ha ekstrahjelp. Båe kassene går ofte i eitt, og då må ein ha folk som kan hjelpe med å pakke ned i posar. Kaffibordet i butikklokalet er flytta inn på kontoret. På denne tida må kundane sitte der og kose seg, for det er ikkje plass andre stader.
Me gler oss til påskeveka. Det er moro når det er mykje folk. Og tida går veldig fort, plutseleg er dagen over. Påska er den beste handelsveka i året, og ei svært viktig tid med tanke på årsomsetninga, avsluttar Sandvik og Vaa når VTB slår av ein prat like før moroa startar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Klar for ny opptur
Påskekundane har i årevis gjeve Fyresdal Sport og Fritid AS ein opptur som ikkje hadde vore lett å klart seg utan.
I elleve år har Ingrid Homme Hansen drive Fyresdal Sport og Fritid AS i sentrum av bygda. Det er ikkje så lett for ei slik verksemd som dette å kunne oppretthalde drifta i den vesle kommunen, men det har gått bra til no.
Lag og organisasjonar i Fyresdal er veldig flinke til å handle her, men det er for få innbyggjarar i kommunen for at verksemda skal overleve. Derfor er det veldig bra at turistar og bygdefolk også er kundar. Eg hadde nok ikkje klart meg utan dei, seier drivaren.
Handlar heller i Fyresdal
Oppturane i omsetninga kjem i påska, jola og sommarferien. Det er desse tri gode periodane som gjer at Homme Hansen har halde på alle desse åra.
Påska er viktig avslutting på vintersesongen, og då blir eg kvitt ein del vinterutstyr. Frå palmelaurdag til og med påskeeftan er det mange innom butikken. Særleg påskeeftan er veldig travel og det går i eitt, erfarer drivaren.
Ho reknar med at det blir like travelt denne påska, og må derfor ha ekstrahjelp.
Eg reknar med stort innrykk av kundar. Mange utanbygdes ventar med å handle til dei kjem til Fyresdal, og det er koseleg, avsluttar Homme Hansen.
Heilt avhengig av god påskehandel
Ein god påskehandel er avgjerande for Spar Haukeli. Kjøpmann Knut Martin Edland opna ny butikk på nesten 2.000 kvadratmeter. i juni i fjor. Palmelaurdag omsette han matvarer for 340.000 kroner, og det er ein auke på 130.000 kroner i høve til same dag i 2008.
Artikkelen held fram under annonsen.
I butikken byrjar førebuingane til påska to-tri veker før turistane kjem til palmehelga. Knut Martin Edland har inntrykk av at mange av hytteturistane etter kvart vel å gjere innkjøpa lokalt. Tidlegare var det vanleg at folk hadde med seg matvarer, øl og mineralvatn frå byen. Han trur endringa skuldast at ein også i distrikta har fått tilbod som er fullt på høgde med det ein finn i sentrale strøk.
På denne tida av året er det relativt stille. Difor må me ha stor handel i samband med påska for å overleve mellom jol og påske og fram til sommarturistane kjem og gjennomgangstrafikken aukar. Det me tener i samband med mellom anna påska tærer me på store delar av året, fortel Knut Martin Edland.
Bonus til bygdefolket
Kjøpmannen stadfestar at han ikkje hadde gjort store investeringar i ny butikk om kundekrinsen berre hadde vore fastbuande bygdefolk. Det er rett og slett ikkje nok av dei til å sikre stor nok inntening. Såleis meiner han turisttrafikken er ein bonus for bygdefolket som får eit godt tilbod av matvarer heile året.
Knut Martin Edland legg ikkje skjul på at presset på prisane gjev ein tøff og utfordrande kvardag. Likevel trur han kjeda han er tilknytta har gjort nokre riktige grep slik at dei klarer å hevde seg i konkurransen.
Når byrja du planlegginga av innkjøpa til påska?
Eg tinga varer hjå grossisten to-tri veker før palmehelga. Då gjeld det å tinge nok sidan grossisten held til i Larvik, og då er det ikkje lett å supplere utanom dei fastsette køyrerutene. Bryggeriet kjem til Haukeli kvar 14. dag, og i påska er leveringsfrekvensen i lengste laget. Men me fekk til ei ordning som er til å leve med. No kjem det meir øl og brus denne veka, seier Edland.
Store vareinnkjøp
Berre sist veke har det kome tri trailarar med varer. Til dømes må Edland i samband med påska tinge 30-35 kartongar med egg, medan 2-3 kartongar er det vanlege. Edland vedgår at det er vanskeleg å vite kor mykje varer han skal ta inn til påska. Det vert å gjette og vone kundane har forståing for at det kan vere tomt for noko.
Dei tilsette, som tel mellom 15 og 20 personar, har gjort ein formidabel jobb. Dei har mest stått på døgnet rundt for at butikken skal vere full av varer når turistane gjer sitt inntog. Når eg ser på auken i omsetnaden kjenner eg meg trygg på at investeringa i ny butikk har vore rett sjølv om det er tøffe tak. Men no går renta ned, seier ein travel kjøpmann på Haukeli.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kosar seg med god mat i påska
Butikksjef Vjollca Sadrijaj hjå Ica på Dalen reknar med å selje meir av den dyraste maten til påske. Elles går det mykje snop og drikkevarer.
Me har ein viss auke i omsetninga i påskeveka i høve til ei vanleg veke, men noko dobling er det ikkje snakk om, forklarer Sadrijaj.
Ho føler det er greitt å jobbe i påska, og utfordringane med å bestille rett vare er mange og vanskelege.
Det er alltid vrient å vite kor mykje ein skal bestille, og spesielt er det vanskeleg i høve til ferskvarer som brød, fløyte og grønsaker. Me gjer vårt beste og håpar kundane blir fornøgde, smiler Sadrijaj.
Ho legg elles merke til at det er mange ukjente innom i påskedagane, og ho meiner det har noko med den store hytteutbygginga å gjere.
No er det slik at hytteturistane har med seg ein del varer når dei kjem hit. Likevel er dei innom og supplerar. Spesielt er det snop og snacks samt drikkevarer. Me legg nok også merke til at det går meir av dyrare kjøtvarer til påske. Me har det godt i Noreg, og folk veit å kunne kose seg i høgtidene, avsluttar Vjollca Sadrijaj.
Eg tridoblar omsetninga i påska
Torild Trovatn driv Trovatn landhandel i Øyfjell. Ho er spent på korleis påskevêret blir, for det har mykje å seie for omsetninga i butikken.
Påska er viktig for ein liten aktør som meg. Til vanleg betyr påska ei tridobling av omsetnaden, og det er avgjerande for framtida som butikkdrivar, fortel Trovatn.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho er også oppteken av at vêret fort kan virke inn på handelen.
Det er viktig at det er fint vêr når folk bestemmer seg for å reise på hytta. Er meldingane dårlege og vêret det same, kan det fort føre til at hytteturistane utset hytteturen, meiner Trovatn.
Mange hytter
Men sit ikkje folk inne på hytta og et og drikk ekstra mykje om det er dårleg vêr?
Nokon gjer kanskje det, men dei må i alle fall fyrst kome seg til fjells då. Det er sagt at rundt 500 hytter soknar til Øyfjell, og for meg hadde det vore topp om alle handla hjå meg, smiler Trovatn.
Også i Øyfjell har det vore stor aktivitet i hytteutbygginga, og det merkar Trovatn.
I tillegg til dei kjente hytteturistane stikk det innom fleire ukjente også. Det set eg stor pris på, og det er godt å sjå at dei ikkje gidder å reise til Åmot eller Rauland for å handle det dei kan kjøpe hjå meg, seier ho.
Det er ikkje enkelt å drive landhandel på landsbygda, og Trovatn oppmodar alle i bygda til bruke nærbutikken.
Veldig mange er flinke til å stø opp om den lokale butikken. Men det er også ein del som ikkje er det. Det er når noko blir borte at ein saknar det, seier Trovatn.
Artikkelen held fram under annonsen.
Suppleringsbutikk
Det er mest drikkevarer og snop Trovatn sel til hytteturistane. Men også grillpølsene får bein å gå på.
Me sel mykje av det ein kan kalle typiske påskevarer. I tillegg går det både solkrem og solbriller om det er finvêr. For oss er det viktig å ha eit vareutval som gjer at me kan tilfredsstille kundane. Det vil seie at me må ha litt av alt, avsluttar Torild Trovatn.