Avslutta mållagskvelden
Det var ikkje føredraget med Ragnar Haugstøl frå Seljord som avslutta Kviteseid mållags bygdekveld på Sundvang fredag, slik VTB skreiv tysdag. Det var dei to fjågesundjentene Andrea Fjågesund og Veslemøy Bratås som saman med Arne Bye (bass) og Jan Haugen (gitar og song) i kvartetten «Jan og jentun» som avslutta den trivelege kvelden.