Avviser at dei tilsette har fått munnkorg
Tilsette ved driftssentralen til Statkraft på Dalen er skuffa over at dei «tapa kampen» mot Sauda. Nattestengt driftssentral på Dalen betyr at tre tilsette får andre oppgåver. – Men me har ikkje fått munnkorg, seier tillitsvald.
– Det er ikkje rett å seie at me har fått munnkorg i denne saka. Statkraft har ein politikk der regiondirektøren, Per Are Hellebust i vår region, har ansvaret for å uttale seg til pressa. I faglege saker eller andre relevante spørsmål er det opp til regiondirektøren om han delegerer ansvaret for å uttale seg, seier Øystein Dale, tillitsvald for dei som er organiserte i Noregs ingeniør og teknologorganisasjon (NITO) på Dalen.
– Så det er ikkje noko dramatikk i uttalene til Hellebust der han seier at dersom nokon av dei råka uttalar seg, så bryt dei ei avtale dei har?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ikkje slik eg ser det i alle fall. Eg finn det naturleg at det er han som uttalar seg i denne spesifikke saka, svarar Dale.
Ein annan kvardag
Han fortel elles at dei tilsette ved driftssentralen på Dalen tok avgjerda om nattestengd driftssentral med fatning.
– Men samstundes får dei ein annan kvardag. Dei har basert seg på å jobbe nattskift og dermed også ha friperiodar. Forandring kan i blant vere vanskeleg å akseptere, og det forstår eg. Elles handlar det om å planlegge annleis, seier Dale.
– Kunne vore betre og verre
Det var tre tenkjelege utfall i saka. Anten kunne driftssentralane på Dalen og i Sauda halde fram som i dag, eller så kunne ein av driftssentralane bli lagt ned. Det siste alternativet var ein hybrid, og det var altså det som blei resultatet.
– Me tillitsvalde la ned mykje arbeid før avgjerda, og utfallet for Dalen sin del kunne vore både betre og verre. Eg håpar og trur at endringane vil gå seg til etter kvart, seier Dale.
Endringane vil ikkje tre i kraft før 1. november, og ifylgje Dale blir dei aktuelle personane tekne godt vare på.