Telnessanden hadde sesongens beste dag til no sist sundag med 233 betalande bilar på parkeringa, og stranda full med badegjester.
Telnessanden hadde sesongens beste dag til no sist sundag med 233 betalande bilar på parkeringa, og stranda full med badegjester.

Badelivet blomstrar

Telnessanden i Seljord har vore ein populær badeplass dei siste vekene. – Me må tilbake til 90-talet for å sjå liknande tilstandar, seier drivar Sigmund Telnes.

Det er ikkje mange som seier imot at både fjoråret og året før var heller triste somrar i Vest-Telemark. Regn, regn og atter regn. Men i år har vesttelane endeleg fått smake på skikkeleg sommar med temperaturar godt over 20 grader og steikande sol. Det er mange glade for.

Sigmund Telnes tok over familieføretaket Telnessanden camping i 1978, og han har stålkontroll over korleis vêret har vore i fleire tiår. Det ser han på besøket.

Artikkelen held fram under annonsen.

– No har det vore ein 4–5 «fimbul-somrar», og me må heilt tilbake til 1997 for å sjå liknande tilstander her. Sundagen var det 233 betalande bilar på parkeringsplassen og fullt på strandi av badegjester. Det var den beste dagen på mange år. Ordentleg moro, smiler Telnes.

Ein bransje i endring

Telnessanden camping er ei bedrift bygd opp av familien gjennom fleire generasjonar. Erfaringa er at vêret har mykje å seie for reisemønsteret til folk.

– Heilt sidan biltrafikken auka på 60-talet og fram til 90-talet var det auke med besøk, men sidan 2000 har det gått ned. Då Yr.no kom på marknaden, endra reisemønsteret seg også. Tidlegare var hyttene booka før mai, medan no ringjer dei bare nokre dagar før. Og så er det billig å reise til Syden, så mange reiser dit, seier Telnes.

Telnesgradene

Telnessanden er kjend for å ha gode temperaturar i vatnet om sommaren. Campingplassen har strandlinje mot både Seljord og Bø, og vinden fører varmt vatn inn mot land.

– Topografien her gjer vatnet veldig varmt. Kjem det vestavind blir det pålandsvind på eine sida, og austavinden fører det varme vatnet inn til den andre sida. Det kan skilje 4–5 grader i vatnet mellom dei to strendene, og me målar den varmaste, forklarar Telnes.

Men det har fått somme til å lure av og til. For nokre tiår sidan kom til og med ein journalist til staden for å sjekke om det verkeleg kunne stemme at det var 23 grader i vatnet. Med seg ned på stranda fekk han to sommarhjelper til å registrere med gradestokken.

– Då dei tok temperaturen var han ikkje på 23 grader, men på heile 25, ler Telnes.

Rekordmålinga i vatnet blei sett i 1982. Då var vatnet på heile 29 grader.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då var det nesten for varmt. Ein fekk ikkje kjøla seg ned.

Juli månad har vore eit eventyr med knallvêr, og det håpar Telnes skal setja seg som ein trend framover.

– Eg håpar det mønsteret me har hatt med omtrent 10 til 15 år med dårleg sommarvêr går over og at me får att barndommen sine gode solrike somrar framover, ler han.

Campar på Telnes

Det er mange som kjem att år etter år på Telnes, og i snart fjorten dagar har ei stor gruppe ungdommar frå Tyskland budd i telt på Telnesøyane.

120 ungdomar i alderen 13 til 18 år har tatt turen til Noreg i regi av den protestantiske kyrka i området Gyhum mellom Bremen og Hamburg. Med seg har dei fleire vaksne, og presten Martin Runnebaum, som er leiar for heile gruppa.

Ungdomane var delt opp i to grupper, og no er det den siste gruppa på 60 mellom 15 og 18 år som campar mellom trea på Telnesøyane.

– Dette er eit veldig populært tiltak, og me kunne hatt med endå fleire unge om me hadde hatt plass. Me reiser på tur kvart år, og har vore både sørover og nordover i Europa. Nokre av ungdomane her har vore med på fem ulike utanlandsturar. Det er fjerde gongen me er her på Telnes, og fire år sidan sist. Då regnde det heile tida medan me var her, men denne gongen har det vore eit fantastisk vêr. Me trivst veldig godt her på Telnes, seier ein av dei vaksne ansvarspersonane på turen, Benjamin Kluge-Bövehers.

I løpet av veka ungdomane er på tur får dei velje mellom mange aktivitetar, som kreativt arbeid, musikk, fjelltur på Lifjell eller padling til Seljord camping.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heimturen til Tyskland er 3. august, og alle køyrer saman i buss. Difor får dei med seg eit aldri så lite høgdepunkt før dei reiser.

– Me håpar at Noreg og Tyskland møtast til EM-finale i kvinnefotball sundag. Det hadde vore moro når me fyrst er her i Noreg, sa Kluge-Bövehers, då VTB tok turen innom onsdag.

Og det ynsket får han og heile gruppa oppfylt, etter at Noreg blei finaleklar seint torsdag kveld.