Bakerifeiring ein månad
I morgon er det fem år sidan Titia og Bas Kok starta bakeri i Fyresdal. Det vil verksemda feire med diverse tilbod heile april.
For seks år sidan stod eit bakerilokale i Fyresdal sentrum ledig for eventuelle nye drivarar. Gjennom eit rekrutteringsprosjekt vart dette kunngjort i Nederland. Titia og Bas Kok fatta interesse og tok ein tur til Fyresdal for å sjekke ut forholda. Eit positivt inntrykk enda med at paret med to barn flytta til bygda og gjenopna bakeriet 3. april 2004.
Etter fem år i verksemda kan ekteparet slå fast at tida har gått veldig for. Det ser dei på som eit teikn om at dei har trivest.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men me har måtta stått på skikkeleg. Me har klart oss fordi det er bruka mykje eigenkapital. Løna er ikkje all verda, og då er det viktig å sette ned eigne krav. Nederlendarane er kjende for å ha høg arbeidsmoral, og det trur me at me har også, seier ekteparet.
Tigerkneipen slo til
Då bakeriet starta opp, viste det seg at oppskrifter Kok trudde ville falle i smak, likevel ikkje gjorde det. Vidare hadde dei aldri trudd at tigerkneipen skulle bli så attraktiv som han har blitt.
Og fyrste året me hadde stand på Dyrsku´n tenkte me at det ikkje var vits i å ha med brød, for kven kjøper slikt på ein marknad? Me tok likevel med brød, og dei blei utruleg populære, hugsar ekteparet.
I utgangspunktet tenkte Kok at verksemda måtte leve av handlande fyresdølar og turistar frå utlandet. Så viste det seg at hyttefolk har blitt viktige kundar, og mange byfolk tek med seg brød heim. Dette merkar Kok til dømes i påska.
Påska er vanvittig, og påskeeftan er folk heilt ville etter å kjøpe brød, erfarer paret.
Dei legg ikkje skjul på at for fem år tilbake hadde verksemda håpa på fleire kundar enn ein har i dag. Då kunne vareutvalet vore større. Bakeriet merkar elles godt at det ikkje lenger er drift av hotellet i bygda.
Me skulle ynskje det kom fleire turistar til bygda. Vidare håper me diverse tilbod i april vil trekkje endå fleire faste kundar frå Fyresdal. Denne månaden er talet 5 ein raud tråd der ein mellom anna får 5 brød for prisen til 4, fortel Kok.
Vel å bli
Dei tri næraste matbutikkane i området sel brød frå det lokale bakeriet. No i lågsesongen er denne totalreferansen rundt 300 brød i veka, og det hjelper på. Men ekteparet ville fått større omsetning om dei hadde sagt ja til eitt av tilboda om å etablere bakeriet andre stader.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er på grensa til at me kan takke nei til tilboda, men me vel å bli i Fyresdal. Me har eit stort hus i triveleg område og er glade i å bu her. Barna trivast godt, og alle har me bygd opp vennskap gjennom desse åra, seier ekteparet.
Av og til er det langope i butikkane i Fyresdal. I morgon er tida komen att, og det passar godt å gjere det i samband med at bakeriet er fem år same dagen.
Det er artig at det er langope i butikkane på jubileumsdagen, avsluttar Kok.