Barn brukar meir tid i barnehagen

(NPK): Stadig fleire av ungane som går i barnehage er der lenger enn 40 timar i veka.

I snitt går ni av ti born full veke i barnehagen, det vil seie over førti timar. Frå 2008 til 2012 har talet på barn som har heiltidsplass gått opp frå 83 til 90 prosent, fortel NRK.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Oslo er det så mange som 98 prosent av barna i barnehage som har fulltidsplass, medan tala for Oppland i andre enden av skalaen er 72 prosent.

Tala frå Utdanningsdirektoratet viser at talet på ungar som går over førti timar i barnehagen i veka har gått opp 22 prosent dei siste fire åra.