Barnehagenedlegging sparer ein million
Tokke kommune kan spare om lag ein million kroner årleg ved å leggje ned Kyrkjebø og Lårdal barnehagar. I sitt førebelse budsjettframlegg for 2006 peiker rådmann Olav Bjørn Bakken på at ei endring i barnehagestrukturen gjev pengar til andre oppgåver.
Rådmannen skriv at barnehagane i kommunen har god kapasitet. Kyrkjebø barnehage har no fire born, medan det frå 1. august 2007 berre er eit born att i aktuell alder i heile krinsen.
Bakken ber om ein diskusjon om Kyrkjebø barnehage bør leggjast ned alt frå 1. august 2006. Han peiker på at det er god plass på Åmdals Verk for borna.
Artikkelen held fram under annonsen.
I Lårdal er det no fire born, og truleg berre tri born frå 1. august neste år. Desse er det plass til i Høydalsmo.
Rådmannen ber oppvekst- og skuleutvalet i kommunen gjere ei vurdering og kome med ei tilråding med omsyn til organisering av barnehagesektoren. Og Bakken peiker på at kommunen kan spare meir enn ein million kroner i året ved å leggje ned Kyrkjebø og Lårdal barnehagar.
Lang prosess
Formannskapet skal i morgon drøfte rådmannen sitt framlegg til budsjett. Tilrådinga frå formannskapet skal så til uttale i dei ulike kommunale råd og utval. Formannskapet handsamar budsjettet 16. november, og endeleg vedtak gjer kommunestyret 6. desember.
Det er ikkje mykje dramatikk i budsjettframlegget frå rådmannen. Sidan bygging av nytt fleirbrukshus på Dalen og ny skjerma eining på sjukeheimen er forsinka, meiner rådmannen at det ikkje er grunn til å auke straumprisen frå 15 øre/kWh til 20 øre/kWh frå 1. januar 2006. Auken ville gitt 2,7 millionar kronar meir i kommunekassa.
Rådmannen gjer framlegg om at straumprisen ligg fast til 1. januar 2007.
Statsbudsjettet
Den framlagde innstillinga frå rådmannen gjev eit underskot på om lag ein million kroner i 2006 om det ikkje kjem friske midlar i statsbudsjettet. Rådmann Olav Bjørn Bakken skriv at han er usikker på kva endringar i kommuneøkonomien den nye regjeringa fører med seg. Når formannskapet skal komme med si endelege tilråding for 2006-budsjettet 16. november, reknar Bakken med å vite meir.
Eit alternativ for at budsjettet er i balanse er å auke lånefinansieringa til mellom anna opparbeiding av bustadtomter. Bakken meiner det er mest økonomisk fornuftig å redusere driftsutgiftene. Det er då han nemner endring i barnehagestrukturen.