Dei som ventar på løypenett for snøskuter må smøre seg med tolmod. (Illustrasjonsfoto)
Dei som ventar på løypenett for snøskuter må smøre seg med tolmod. (Illustrasjonsfoto)

Barrierar for snøskutertrasear

Dei to villreinområda i Fyresdal kan bety at det ikkje blir skuterløyper i kommunen.

Litt over 100 kommunar i Noreg får vere med i ei forsøksordning i perioden 2014–2018 om å etablere snøskuterløyper for rekreasjonskøyring. Men det er temmeleg mykje arbeid som må bli gjort før ein kommune kan opne løypenett.

Skogbrukssjef Aslak Momrak-Haugan i Fyresdal kan etter å ha sett seg inn i saka, slå fast at uttalene frå fleire stortingsrepresentantar ikkje er i tråd med rammene kommunane har fått for å etablere snøskuterløyper.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Stortingsrepresentantar har framstilt det som lettvint å få løyper på plass, men det viser ei forskrift at det ikkje er, seier Momrak-Haugan.

Sterke føringar

For at kommunane skal kunne delta i forsøksordninga må dei innan 1. april i år vedta ei forskrift som blir stadfesta i Kommunalog moderniseringsdepartementet, etter fyrst å ha vore innom Klima- og miljøverndepartementet. Miljøverndepartementet har utarbeidd ei standardforskrift som gjev nærare reglar for forsøket.

– Det er ikkje mykje arbeid å lage sjølve forskrifta, men det ligg sterke føringar i ho, seier Momrak-Haugan.

Skogbrukssjef Aslak Momrak-Haugan konstaterer at det er mykje som må på plass før det kan bli løyper for rekreasjonskøyring med snøskuter i Fyresdal.
Skogbrukssjef Aslak Momrak-Haugan konstaterer at det er mykje som må på plass før det kan bli løyper for rekreasjonskøyring med snøskuter i Fyresdal.

Forskrifta skal mellom anna seie noko om kommunens høve til å etablere snøskuterløyper. Vidare er det på førehand presisert at det ikkje kan vere løyper i til dømes nasjonale villreinområde. Dermed får ein kommune som Fyresdal ei ny utfordring i saka. Kommunen har to villreinområde, eitt på kvar side av Fyresvatn og nordover.

– Det med villreinområde gjer det endå vanskelegare å finne trasear. Brukar Miljøverndepartementet dette punktet for det det er verdt, får me ikkje snøskuterløyper i Fyresdal, seier Momrak-Haugan.

Ope for kven?

Eitt argument han likevel ser kan tale for løype i villreinområde, er at GPS-merking av rein har vist at det ikkje går rein vest i Fyresdal om vinteren, dyra har trekt til andre område. Kanskje kan ein då etablere løyper på ubrøyta skogsbilvegar inn til kraftmagasin, og deretter køyre på vassdrag for å knyte løypenett saman, trur skogbrukssjefen kan vere ei løysing.

I tillegg til villreinområda ser han to andre store barrierar i løypesaka.

– Departementet må ta tak i det uavklarte spørsmålet om løypenett skal vere ope for bare kommuneinnbyggjarane eller for alle. Får ikkje Fyresdal avgrensa det til å gjelde bygdefolk, er det mange grunneigarar som vil seie nei til løyper, meiner skogbrukssjefen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei anna stor utfordring er å få løyve av grunneigarane, også om det blir løype bare bygdefolk kan nytte.

– Grunneigarane er dei mest sentrale i prosessen, seier Momrak-Haugan.

Må på plass:Skogbrukssjef Aslak Momrak-Haugan konstaterer at det er mykje som må på plass før det kan bli løyper for rekreasjonskøyring med snøskuter i Fyresdal.

Neste vinter

Førebels er det ikkje konkret forslag på løypenett i Fyresdal. Kommunen vil ha med både grunneigarane og den lokale motorsportklubben i dette arbeidet.

– Folk trur løypene kan vere på plass denne vinteren, men planarbeidet tek tid. Å få til løyper er ein lang prosess, og målet må vere å ha dei på plass neste vinter, seier Momrak-Haugan.

I tillegg til å ha ei forskrift på plass, må kommunen lage plan der løypenettet blir vist, og vilkåra for å køyre der.

Får ikkje Fyresdal avgrensa det til å gjelde bygdefolk, er det mange grunneigarar som vil seie nei til løyper.

Aslak Momrak-Haugan