Bed Hydro trekkje kraftsaka
Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (LVK) bed Hydro trekkje søksmålet som kan tappe kraftkommunane i Vest-Telemark for sju millionar kroner i året.
Tidlegare var det slik at til meir kraftbransjen tente, til meir måtte kraftkommunane betale for konsesjonskrafta dei får kjøpe til sjølvkostpris. Krafta kan dei selje vidare med ei forteneste som dei ofte brukar til kommunale velferdstilbod. Stortinget var samd med kommunane om at ordninga var urimeleg, og vedtok endring gjeldande frå 2003. Hydro har nå varsla rettssak, fordi selskapet meiner vedtaket ikkje skulle skjedd i plenum, men ved eit lovvedtak.
Innbyggjarane i store delar av distrikta blir frårøva viktige inntekter om Hydro vinn fram med søksmålet. Inntektene blir nytta til ulike velferdstiltak og næringsutvikling. Skadeverknadene kjem med ein gong, sidan kommunane ikkje kan bruke inntektene, men må setje dei på fond i tilfelle Hydro vinn saka, uttaler Børre Rønningen, leiar i LVK.
Artikkelen held fram under annonsen.
Minske risikoen
Striden i saka utgjer sju millionar kroner totalt for kommunane i Vest-Telemark i 2003. Mykje av pengane er alt brukt opp. Det gjer det ikkje betre at ei rettssak temmeleg sikkert vil rulle gjennom rettssystemet til ho er avgjort i Høgsterett, med dei åra det vil ta. Det tyder at kommunane har bruka og budsjettert med millionar av kroner som kanskje likevel ikkje får høyre heime i kommuneøkonomien.
Det er beklageleg at Hydro går til søksmål og at Energibedriftenes Landsforbund (EBL) er med på løpet. Eg har ikkje tru på at dei vinn fram. Men gjer dei det er det spørsmål om kommunane skal lide tap for eit vedtak Stortinget har gjort. Olje- og energidepartementet må snarast setje i gang ein lovprosess for å minske risikoen for kommunane, seier Nissedal-ordførar Øyvind Tveit, styremedlem i LVK.
Han trur det einaste Hydro kan oppnå er ei utsetjing av effektiviseringa av endringa. Det han meiner gjer saka merkelegare er at staten har store eigarinteresser i Hydro. På ein måte blir det som å saksøkje seg sjølv.
400 millionar
Tveit var i går på regionmøte i LVK saman med 57 representantar frå 15 kommunar i Telemark og Buskerud som har eigarinteresser i EBL-verk og tri e-verk som er medlemer av EBL. Ei samla regionuttale beklagar sterkt at Hydro og EBL ved rettssak ha skape utryggleik rundt viktige inntekter på opp mot 400 millionar kroner i året for 150 kommunar og 14 fylkeskommunar.
Regionforsamlinga bed Hydro og kraftbransjen trekkje saka med ein gong. Viss ikkje, føreset ein at staten fremjar formell lovsak.