Vest-Telemarkrådet har kasta seg inn i kampen om ei ny handelsavtale. Frå venstre Vinje-ordførar Arne Vinje, Fyresdal-ordførar Saamund Gjersund, Kviteseid-ordførar Torstein Tveito, Tokke-ordførar Birger Nygård, avtroppande regionordførar Edvard Mæland, rådssekretær Kjell Gunnar Heggenes, Hjartdal-ordførar Olav Tho, Seljord-ordførar John Kleivstaul og Nissedal-ordførar Øyvind Tveit.
Vest-Telemarkrådet har kasta seg inn i kampen om ei ny handelsavtale. Frå venstre Vinje-ordførar Arne Vinje, Fyresdal-ordførar Saamund Gjersund, Kviteseid-ordførar Torstein Tveito, Tokke-ordførar Birger Nygård, avtroppande regionordførar Edvard Mæland, rådssekretær Kjell Gunnar Heggenes, Hjartdal-ordførar Olav Tho, Seljord-ordførar John Kleivstaul og Nissedal-ordførar Øyvind Tveit.

Bed regjeringa utnytte samanbrotet

Vest-Telemarkrådet meiner regjeringa må utnytte samanbrotet i WTO-forhandlingane (Verdas handelsorganisasjon) til å sikre eit levedyktig landbruk i regionen.

Ordførarane i dei seks kommunane i Vest-Telemark og Hjartdal utgjer Vest-Telemarkrådet. Under samlinga tysdag valte rådet å kaste seg inn i kampen om ei ny avtale i WTO.

Noreg deltok under forhandlingane i Cancun då dei braut saman på forslag som ville tatt knekken på det norske landbruket. Bondelagsutsending Terje Riis-Johansen gav ordførarane ei orientering om forhandlingane, og sa klart frå at det nå er rette tida å få WTO inn i eit anna spor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit vere eller ikkje vere

– Det er veldig lite fokus på WTO om dagane. Eg er overbevist om at internasjonale spørsmål kjem til å bli veldig relevante for ordførarjobben de gjer til dagleg. Nå trengst det at alle gode krefter jobbar saman om avtala. Noreg er avhengig av WTO, sa Riis-Johansen.

– Er det nokon som bør ta tak i og kjempe for småskala landbruk, så er det Telemark, meinte Nissedal-ordførar Øyvind Tveit.

– Me må vere eit press mot eigne styresmakter. Landbruket i Vest-Telemark er legitimiteten til denne regionen. Blir importvernet borte, vil ikkje norske bønder vere i stand til å konkurrere, sa Vinje-ordførar Arne Vinje.

– Dette er eit vere eller ikkje vere for distriktslandbruket, la Tokke-ordførar Birger Nygård til. Han var oppteken av å få med endå fleire kommunar på ei uttale til styresmaktene.

Søkje støtte frå andre land

Utan å mukke valte rådet å sende krav til dei parlamentariske leiarane for partia på stortinget, landbruksministeren, utanriksministeren og statsministeren. Rådet forventar at styresmaktene nå utnyttar den sjansen som samanbrotet i Cancun har gjeve, til å få WTO-forhandlingane i eit anna spor.

– Einsidig fokus på tollreduksjonar, frihandel, og globalisering er eit alt for snevert grunnlag å føre desse forhandlingane på. Noreg må aktivt søkje støtte blant andre netto-importerande land generelt, og u-land spesielt, for å syte for at retten til å produsere eigen mat blir tatt på alvor i dei vidare forhandlingane. Me forventar at regjeringa gjer denne jobben. Som ordførarar skal me også gjere vårt. Det betyr at næringsutvikling og nyetablering blir kjenneteiknet på framtidas landbruk i regionen vår, ikkje nedlegging og fråflytting, er den klare meldinga frå Vest-Telemarkrådet.

Dei sju ordførarane varslar på same tid at dei ikkje vil akseptere at Noreg godtek ei forhandlingsløysing som tvingar landet til å endre landbrukspolitikken som er bygd opp gjennom heile førre hundreåret.