Kulturleiar Anne Margrethe Espelid (t.h.), helsesyster Anita H. Haugsjå, lensmann Marie Kornmo Enger, skuleleiar Sissel Bronken og helseleiar Tore Baksaas ynskjer å førebyggje at nissedalungdom under 18 år drikk alkohol og køyrer ulovleg. Det aukande problemet har blitt tatt opp på eit foreldremøte.
Kulturleiar Anne Margrethe Espelid (t.h.), helsesyster Anita H. Haugsjå, lensmann Marie Kornmo Enger, skuleleiar Sissel Bronken og helseleiar Tore Baksaas ynskjer å førebyggje at nissedalungdom under 18 år drikk alkohol og køyrer ulovleg. Det aukande problemet har blitt tatt opp på eit foreldremøte.

Bekymra for utviklinga i ungdomsmiljøet

Siste året har ungdomskulturen i Nissedal kommune endra seg mykje i negativ lei. Einingane som jobbar med ungdom fann derfor grunn til å ta opp problemet på eit foreldremøte.

Einingane for skule, kultur og helse, og lensmannen i Nissedal har samla føresette til ungdomar mellom 13 og 17 år til eit møte for å drøfte og informere om ungdomskulturen i kommunen.

Det har i årevis blitt jobba førebyggjande i ungdomsmiljøet. Siste året har einingane sett ei endring blant dei unge; auka bruk av alkohol, ulovleg motorferdsel både på vatn og land, og det er ungdom som ikkje har respekt for politiet og lovverket.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er bekymra over utviklinga. No står me med båe beina midt i problemstillinga som me har snakka om i fleire år, seier lensmann Marie Kornmo Enger.

Ho understrekar at det ikkje er snakk om ei stor gruppe.

Lettlurte

– Målet mitt er ikkje å ta nokon, men å unngå skader eller at liv går tapt. Når foreldre seier ja til ulovleg båtkøyring med store motorar, og ulovleg køyring med firehjuling og moped, er det grunn til å seie frå, nemner lensmannen om noko som blei tatt opp på foreldremøtet.

Foreldre på møtet som har ungdom no og har også hatt det tidlegare, vedkjente at dei merkar ei endring i miljøet blant dei unge. Det er meir festing i dag, dei unge heng saman med eldre ungdom og jenter sit på i bil med eldre ungdom som i nokon høve har vore påverka av alkohol.

Det kom også fram at jenter har overnatta stader utan at foreldra har visst kvar dei har vore.

– Er foreldre nok nysgjerrige på kva ungdomane driv med? Mange foreldre er lettlurte, og det erkjente nokon foreldre på møtet. Det ligg i ungdomanes utvikling å utfordre grenser og prøve seg. Då må foreldra fylgje med.

Skuleleiar Sissel Bronken, kulturleiar Anne Margrethe Espelid, helsesyster Anita H. Haugsjå, helseleiar Tore Baksaas og lensmann Enger er heilt samde om dette. Dei har eit mål om å få unge under 18 år til å ta dei gode vala, også når dei er saman med eldre ungdom.

– Ungdomen i Nissedal er jamt over flinke og ærlege. Men me må bevisstgjere foreldra meir, seier Baksaas.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lov å seie frå

I starten av august er det Treungenfestivalen igjen, og då blir ordninga med natteramnar tatt opp att. Kommunen set pris på om vaksne folk vil vere med på denne førebygginga.

– I år må foreldre kjenne si besøkstid under festivalen og fylgje med på ungdomane, seier lensmannen.

Skulle det vere annan ungdom under 18 år som gjer noko ulovleg, er det slik at det er lov å seie frå om dette.

– Me må heie fram den gode, gamle nabokjerringa; det er lov å seie frå, seier Bronken.

– Me må seie at me bryr oss om, og ikkje med, legg Enger til.

Det blir meldt om gode diskusjonar og mykje temperatur på møtet der ein blei ansvarleggjort som foreldre. Alt få veker etter foreldremøtet har ein merka positive endringar i haldningane til vaksne.

– Me må heie foreldra fram til å fortsetje den positive utviklinga, seier lensmannen.

Grensa for eigen kropp

20 foreldre frå heile kommunen kom på møtet, som var i Treungen. Helsesyster Haugsjå hadde eit innlegg om foreldrerolla, det å vere eit godt førebilde og rollemodell, og å snakke med barna sine med tanke på rusmidlar og sex. Kvar er ungdomens grense for eigen kropp, og korleis snakkar foreldre med dei unge rundt det å ta eigne val?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blei også snakka om at ved å drikke alkohol blir moglegheita for å ta eit dårleg val større, seier Haugsjå.

Vidare deltok spesialkonsulent Helge Fredriksen frå Borgestadklinikken på møtet. Han snakka om at foreldre som drikk mykje alkohol, bidreg til ein fuktig drikkekultur hos eigne barn og ungdomar. Derfor meinte han at foreldre bør tenkje gjennom eige alkoholforbruk, og vere gode rollemodellar.

Planen til einingane som jobbar med ungdom er å ha eit tilsvarande møte kvart år framover.