Bendik (20) frå Fyresdal er årets lærling i Aust-Agder
Tømrar Bendik Momrak (20, bildet) frå Fyresdal er kåra til å vere årets lærling i Aust-Agder. Det enda med at han fekk 10 000 kroner til valfritt verktøy, skriv Varden.
Det blei nominert over 50 lærlingar på byggfag, murarfaget, tømrarfaget, betongfaget og overflateteknikk.
Carlsen Fritsøe har stått for kåringa, og har saman med opplæringskontoret vore i dialog med lærlingansvarleg i bedrifta. Vidare har lærlingane blitt evaluert ved besøk på byggeplassen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kriteria for å vinne er fagleg interesse, kreativitet, eigenutvikling og arbeidsinnsats.
Momrak jobbar for Hetland Agder AS. Han var saman med fleire andre i firmaet på ein firemannsbustad på Bjorbekk, då fyresdølen blei ropt ned frå takarbeidet. Momrak skjønte ikkje kvifor, men plutseleg hadde han eit gåvekort på 10 000 kroner i handa, skriv Varden.
Til avisa seier han at det er heilt kanon å vere tømrar.