Besøkte suksessverksemder
Sweco og Aspit er to verksemder som begge skal utvide i Seljord. Formannskapet tok turen for å finne ut kva dei gjer rett.
I går starta politikarane i formannskapet møtedagen med ein gåtur til to viktige verksemder i bygda. Hjå Aspit og Sweco fekk dei orienteringar om korleis statusen er og fekk høve til å stille spørsmål. Politikarane var spesielt interesserte i korleis det er å rekruttere folk til nye stillingar som krev høg utdanning.
– På ein måte er det vanskeleg, for det er jo litt naturstridig at det sit 40 menneske med så høg utdanning i Seljord. Men me har fleire døme på fleire unge vesttelar med høg utdanning som kjem til oss og vil flytte heim. Nå skal me lyse ut fem nye stillingar og sjølvsagt vil me prioritere lokale søkjarar, svarte Nenseter i Sweco.
Artikkelen held fram under annonsen.
I dag er dei 40 tilsette på kontoret i Seljord med ein gjennomsnittsalder på 46,7 år fekk politikarane høyre.
Lettare i Seljord enn Oslo
Dagleg leiar i Aspit, Dag Helge Haslekås, sit også med planar om å utvide arbeidsstyrken. Selskapet som har 19 tilsette i Seljord og driv med IT-tenester i helsesektoren har planar om å etablere eit «distriktskontor» i Oslo, som dei sjølv kallar det, og meiner det ikkje er lettare å rekruttere nye i hovudstaden enn i Seljord.
– Nokon gonger kan det vere litt tørke og me kan ofte ikkje velje i så mange. Men arbeidsstyrken som kjem hit er veldig stabil og det er ikkje lettare å få tak i programmerarar i Oslo. Det har alltid vore ein fordel for oss å ha base i Seljord, og det er det framleis, fortalde Haslekås.
Politikarane lurte på kva kommunen kan gjere for verksemder som Aspit.
– For etablerte verksemder som oss er det viktigaste kommunen kan gjere er å gjere det godt å bu her og sikre gode tenester. Slik blir det lettare for oss å få halde på gode tilsette og rekruttere nye.
Han sette stor pris på at formannskapet tok turen.
– Det er motiverande å vite at kommunen er interessert og spør kva dei kan gjere for oss, seier Haslekås.
Stor optimisme
Presentasjonen av begge verksemdene var prega av stor framtidsoptimisme. Hjå Sweco var det ingen grunn til å tru at det blir mindre behov for kompetansen deira i framtida.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det svingar veldig og 2015 var for eksempel eit dårleg år her. Nå er det veldig bra trykk og eg kan ikkje seie at eg bekymrar meg veldig for at me ikkje skal klare å ha 40 personar tilsett her i Seljord i åra framover. Sjølv om oljebransjen slit må ein seie at fastlands-Noreg går veldig bra, seier Nenseter.
Seljord-kontoret blir i desse dagar slått saman med Porsgrunn til eitt kontor. Men kontora skal vere likeverdige og Seljord blir ikkje lagt under Porsgrunn, presiserer han. Seljord-kontoret har ei omsetning på 50 millionar i året.