Signe Berge, Anne Berit Libjå, Einar Heggtveit, Tor Einar Lid, Knut Rønningen og Knut Skeie Rue fekk alle utmerkingar frå Nortura for å ha levert lam med særs god kvalitet i 2017.
Signe Berge, Anne Berit Libjå, Einar Heggtveit, Tor Einar Lid, Knut Rønningen og Knut Skeie Rue fekk alle utmerkingar frå Nortura for å ha levert lam med særs god kvalitet i 2017.

Beste lammekvalitet i fylket

På onsdagens krinsmøte i Nortura blei seks sauebønder frå Vest-Telemark heidra for framifrå slaktekvalitet på lamma dei leverte i 2017.

– No har eg vel snart tallerkar til 12 personar, smiler sauebonde Tor Einar Lid som held til på garden Breiset i Høydalsmo.

Heiltidsbonden har ei årrekkje levert høgkvalitetslam, men han synest det er like moro å få utmerking no som før.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er viktig at lamma blir sendt til slakting på rett tidspunkt, og det er fleire faktorar som er viktige å ta omsyn til. Det er heile tida eit mål å ha den beste kvaliteten, for det betyr også at du får mest mogleg økonomisk gevinst. Derfor er det like moro å få tallerken, som er den øvste utmerkinga, denne gongen også, forklarer Lid.

– Kva er det konkret du vurderer for å avgjere om eit lam er slakteklart?

– Du må rett og slett kjenne på lammet. Feitt er den store stygge ulven når det kjem til kvaliteten, og derfor kan eitt lam vere slakteklart når det veg 17 kilo. Ventar eg til det veg 18 kilo, kan det bety meir feitt. Dette er erfaringar eg har gjort meg gjennom fleire år, og det er viktig å vurdere lamma individuelt. Eitt anna må kanskje vege 20 kilo før det er optimalt, svarar han.

Viktige kvalitetsmål

Torhild F. Sisjord er rådgjevar for småfe i Nortura, og ho fortel at dei som får utmerkingar har gjort ein særs god jobb.

– Utmerkingane går til dei som har levert minimum 15 lam til Nortura. Dei får ROS-analysen (Resultat Oversikt Slaktedata), som er ei tilbakemelding på slaktekvaliteten på lamma som er levert, seier ho.

– Det er også slik at talet på leverte lam avgjer kva klasse du konkurrerer i. Dei som leverer 15 lam blir ikkje rangert saman med dei som leverer 100 lam, legg ho til.

Sisjord seier at god slaktekvalitet er viktig for Nortura slik at dei får auka sal, og at sauebøndene også kan samanlikne kvaliteten på eigne og andre sine lam.

– Du får også samanlikne eigen kvalitet med resten av landsdelen. Men den viktigaste samanlikninga er med deg sjølv. Eg oppmodar alle om å ta fram ROS-blankettane for dei siste åra, og at dei ser på utviklinga av slaktekvaliteten. Då blir det enklare å setje seg kvalitetsmål for 2018, og leggje ein plan for å oppnå dette, forklarer ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Best i fylket

Det er dei 100 beste i landet som blir premiert, og det er ein sterk prestasjon at alle seks frå Telemark held til i Vest-Telemark.

I tillegg til Tor Einar Lid fekk også Einar Heggtveit (Morgedal) og Signe Berge (Morgedal) også tallerkane.

Knut Skeie Rue (Flatdal), Knut Rønningen (Froland) og Anne Berit Libjå/Kjell Sverre Thoresen (Fyresdal) fekk alle krus, som er den nest beste utmerkinga.

Les meir om utmerkingane til Tor Einar Lid her.