Oljebransjen har i mange år opplevd kontinuerleg oppgang. I det siste har det gått tråare, men situasjonen for dei tilsette i sektoren frå Vest-Telemark er likevel betre enn mange andre stader
Oljebransjen har i mange år opplevd kontinuerleg oppgang. I det siste har det gått tråare, men situasjonen for dei tilsette i sektoren frå Vest-Telemark er likevel betre enn mange andre stader

– Betre enn frykta

Nav i Vinje og Tokke seier krisa i oljebransjen ikkje har ført til like stor arbeidsløyse som frykta, men dei fylgjer likevel situasjonen tett.

Nedgangen i oljesektoren har nasjonalt sett ført til at fleire oljearbeidarar har anten blitt sagt opp eller permittert. Totalt sett har arbeidsløysa stige med fem prosent samanlikna med i fjor.

Trass den nasjonale auken av arbeidsledige, kan leiar for Nav i Vinje og Nav i Tokke, Gerd Kari Skaalen, opplyse om at oljekrisa ikkje har ført til nokon kraftig oppgang i arbeidsløysa i dei to kommunane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er nokre få fleire ledige i Vinje og Tokke, men oppgangen er ikkje markant. Heller ikkje er den utprega relatert til oljebransjen. Slik sett kan ein ikkje seie at dei tilsette i oljesektoren har blitt nemneverdig påverka, fortel ho.

Nokre teikn på nedgang er det likevel, og som VTB skreiv laurdag, er det fleire som har gått frå arbeid i Nordsjøen til andre sektorar i arbeidslivet.

– Det me derimot ser, er at det er fleire som arbeider på korte, uføreseielege kontraktar, i tillegg til at talet på dei som har registrert seg som arbeidssøkjarar har stige. Dei fleste held seg likevel i aktivitet, mellom anna er det ein del som har gått over til bygg- og anleggsbransjen, forklarer Skaalen.

Som fylgje av at arbeidsløysa ikkje har stige meir lokalt enn det som er tilfelle, har ikkje Nav gått til nokre spesielle tiltak. Det betyr likevel ikkje at dei ikkje fylgjer med på utviklinga.

– Me fylgjer sjølvsagt fortløpande og nøye med på situasjonen. For mange kan det vere krevjande å plutseleg måtte gå frå 8-900 000 kroner i inntekt og gode friordningar til lågare løn og vanlege arbeidstider. Nokre konkrete tiltak utover å prøve og hjelpe folk tilbake i arbeid har me likevel ikkje gjort. Regjeringa har ikkje føretatt seg noko ekstraordinært endå, og då arbeidsløysa er lågare her enn på landsbasis, ser me ikkje behovet for det slik situasjonen er i dag, seier Skaalen.

Lågare arbeidsløyse i Telemark

Ut frå den siste statistikken, som Nav publiserte fredag, 3. juli, har det som nemnt blitt fem prosent fleire ledige nasjonalt, noko som vil seie 3 852 personar. Auka er størst innanfor IKT- og ingeniørfag, der er det heile 61 prosent fleire ledige i år kontra i fjor. På andreplass fylgjer industrifag, der har arbeidsløysa stige med 20 prosent sidan juni 2014. Oljearbeidarar fell under begge desse kategoriane.

I Telemark sett under eitt er utviklinga meir positiv. Arbeidsløysa er redusert med tre prosent over det siste året. Hovudårsaka til dette er vel å merke færre ledige lengre sør og aust i fylket. Kommunane i Vest-Telemark har alle, med unntak av Seljord, opplevd ein liten auke.