Biblioteket blir lagt til kulturhuset
Granvin kulturhus vann anbodskonkurransen om å huse biblioteket i Seljord. I løpet av 2017 har dei mål om at det nye tilbodet skal vere på plass i eit spennande tilbygg.
Det var ei spent forsamling som møtte på tilhøyrarbenken då kommunestyret i Seljord torsdag tok stilling til kvar ein skal plassere biblioteket i framtida. Det er mange som har engasjert seg i biblioteksaka, og vore tydlege på at Granvin er det dei folkevalte bør gå for. Det har blitt laga underskriftslister og ei eiga gruppe på Facebook som støttar Granvin-alternativet.
To tilbod
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter fristen til anbodskonkurransen gjekk ut 1. desember hadde Granvin kulturhus og Sparebanken Din levert inn tilbod. Bak lukka dører torsdag diskuterte kommunestyret saka, fyrst om det var rett å gå vidare med lokaliseringsplanane, deretter gjekk dei djupare inn i dei to tilboda som var komne inn.
Både Arvid Vala (Frp) og Peter Fjågesund (MDG) var usikre på om det var rett av kommunen å gå vidare med biblioteksaka med bakgrunn i kommunens økonomiske situasjon. Men fleirtalet vann fram og etter ein timeslang diskusjon landa dei folkevalte på at Granvin vann konkurransen.
Beste plassering
Beate Marie Dahl Eide (Sp) og Trond Johnsen (Ap) var nøgde med vedtaket.
– Me vurderte tilboda som kom inn grundig, og sette dei opp mot ulike kriterium. Kvart tilbod blei vurdert ut frå kor eigna det er som eit framtidig bibliotek og kva pris tilbodet hadde, fortel Johnsen.
Kommunestyret kom fram til at Granvin hadde den beste plasseringa, og at deira tilbod var mest eigna, medan tilbodet frå Sparebanken Din låg i utkanten av den ynskte plasseringa, men var noko rimelegare enn Granvin sitt.
– Men prisane var veldig nære kvarandre, seier Eide.
– Me konkluderte med at Granvin var meir eigna – og difor vog dette tyngst då avgjerda blei tatt. Og når me fyrst skal velje nye lokale for biblioteket vårt, måtte me velje det rette og det beste for innbyggjarane våre, seier Eide og Johnsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei peiker også på at ein lettare kan vere med å påverke korleis biblioteket på Granvin skal bli, sidan løysinga ved kulturhuset vil bli eit nybygg og ombygging av eksisterande lokale.
– Me er også opptekne av at ein representant frå ungdomsrådet skal vere med i det vidare planarbeidet for nytt bibliotek. Det er viktig å høyre stemma deira. Det blir bra å samle bibliotek og kulturhus. Dette blir knallbra, smiler dei to lokalpolitikarane.