Kommunalsjef Rune Lødøen (sitjande) har rekna ut at kommunekassene i Vinje og Tokke til saman går glipp av inntekter på om lag 18 millionar kroner i året fordi abonnentane får straumen billeg. Vinje-ordførar Arne Vinje meiner at straumrefusjonen ikkje må vere ei heilag ku.
Kommunalsjef Rune Lødøen (sitjande) har rekna ut at kommunekassene i Vinje og Tokke til saman går glipp av inntekter på om lag 18 millionar kroner i året fordi abonnentane får straumen billeg. Vinje-ordførar Arne Vinje meiner at straumrefusjonen ikkje må vere ei heilag ku.

Billeg straum kostar kommunekassa 12 millionar

Vinje kunne årleg hatt minst 12 millionar kroner ekstra i kommunekassa om ein ikkje sytte for billeg straum til innbyggjarar og verksemder. Ordførar Arne Vinje i Vinje seier at ordninga med straumrefusjon ligg fast ut denne valperioden. Han meiner det er rett at straumen er billegare enn elles i landet i kraftkommunane der verdiane blir skapt. Men han er ikkje framand for at meir av straumpengane heller kjem fellesskapet til gode, slik at det kommunale tenestetilbodet kan bli halde oppe i ei tid då kommunen må snu kvar stein for å vere budd på trongare økonomiske tider. Også Tokke har straumrefusjon svarande til om lag 6 millionar kroner i tapte inntekter.

Kommunalsjef Rune Lødøen fortel at både Vinje og Tokke får straumen til produksjonspris frå Tokke 1. Prisen er 5 øre per kWh. Vinje sel straumen vidare til fastbuande, hyttefolk, verksemder og institusjonar for 13,5 øre per kWh. Skilnaden på 8,5 øre gjev om lag ni millionar kroner i kommunekassa i Vinje. Eitt øre på straumprisen tilsvarer ein million kroner.

– Den ordinære innkjøpsprisen i Vest-Telemark Kraftlag minus moms er 24,5 øre per kWh i middel. Dermed får abonnentane i Vinje straumen 11 øre per kWh billegare enn folk og verksemder elles i Vest-Telemark utanom Tokke. Hadde Vinje kommune ikkje hatt straumrefusjon ville kommunekassa kvart år innehalde minst 12 millionar kroner meir, seier kommunalsjefen.

Artikkelen held fram under annonsen.

For ein husstand i Vinje som har eit straumforbruk på 25.000 kWh, sparer 2.750 kroner året som fylgje av straumrefusjonen.

Lødøen seier at Tokke har ein straumpris på 15 øre kWh, som gjer at ein husstand sparer 1.500 kroner i året, medan billeg straum gjer at kommunekassa på Dalen går glipp av fem-seks millionar kroner i årlege inntekter.

Dyrare straum

I Vinje vedtok fleirtalet i kommunestyret i samband med budsjetthandsaminga for 2005 å auke straumprisen med to øre til 13,5 øre kWh. Det gav to millionar kroner ekstra, og i fylgje ordføraren var prisauken påkravd for å oppnå budsjettbalanse.

– Eg har respekt for dei av politikarane som ikkje ville auke straumprisen fordi dei ville halde kva dei hadde lova i valkampen, seier Arne Vinje.

Ordføraren meiner det er rett at abonnentane i ein kraftkommune, der enorme verdiar blir skapt, får straumen noko rimelegare enn andre stader. Dagens ordning blei til i ei tid då Vinje kommune hadde svært god råd. Prognosane for dei komande åra tyder på at den kommunale pengeflaumen minkar.

Ingen endringar før valet

– Straumrefusjonsordninga ligg fast ut denne valperioden. Men i ei tid der kommunen må snu kvar stein for å finansiere det kommunale tenestetilbodet, må det vore mogleg å drøfte om meir av straumpengane skal bli nytta til fellesgode. Sjølv er eg oppteken av at me her har ei ordning som manglar fullstendig ein sosial profil. Dei med dei største husa eller hyttene og som bruker mest straum, får størst tilskott. Truleg støttar me mest dei som har best råd frå før, meiner Arne Vinje.

– Dette er vel ikkje politisk korrekt for deg som representerar SV?

– Nei, og difor peiker eg på at straumrefusjonen i røynda er eit kommunalt tilskott utan sosial profil. SV har då heller ikkje gjeve noko lovnad om storleiken på straumrefusjonen. Difor har me større handlefridom enn fleire av dei andre parti i kommunestyret, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ottast sentralt press

Straumen har vorte mykje dyrare dei siste åra på den frie marknaden. Det gjer at gapet mellom det ein betalar for straumen i både Vinje og Tokke, har auka veldig. Eg ottast at konsekvensen av denne store prisskilnaden kan verte auka politisk press frå sentralt hald for heile refusjonsordninga.

– I ein ny økonomisk røyndom er det ikkje lett å forsvare at me auser ut 14 millionar kroner årleg på ei ordning utan sosial profil, og der kva den einskilde straumabonnent sparer, er eit beløp som truleg ikkje har så mykje å seie lenger for dei fleste, seier ordføraren.

Arne Vinje ynskjer ikkje at straumkundane skal betale marknadspris, men trur meir av straumkronene om nokre år må bli nytta til å skape betre lokalsamfunn, oppretthalde det kommunale tenestetilbodet i heile kommunen og finansiere ordningar som kjem spesielt trengande grupper til gode.

– Den billege straumen er òg eit hinder for utvikling av alternative energikjelder. Her i Vinje har me gode føresetnader for både bergvarme og bio-energi, seier ordførar Arne Vinje.