Disponent Svein Olav Straand i Telemark Bilruter (nærast) og Bernt Dahle, leiar i Transportbransjens landsforeining i Telemark, fylgde intenst med i ordskiftet i fylkestinget om dei nye busskontraktane. Til høgra skimtast Seljord-ordførar Solveig S. Abrahamsen.
Disponent Svein Olav Straand i Telemark Bilruter (nærast) og Bernt Dahle, leiar i Transportbransjens landsforeining i Telemark, fylgde intenst med i ordskiftet i fylkestinget om dei nye busskontraktane. Til høgra skimtast Seljord-ordførar Solveig S. Abrahamsen.

Bilrutene må ikkje ut på anbod

Eit knapt fleirtal i fylkestinget har sikra Telemark Bilruter stabile rammevilkår fram til 2019. Dermed er kring 200 lokale arbeidsplassar trygga. Mindretalet ville ha rutetilboda i Vest-Telemark ut på anbod i tråd med tilrådinga frå fylkesrådmannen.

I fylkestinget i Bø sist torsdag vart fleirtalet på berre tri røyster for at busselskapa utanfor Grenland får fornya løyva sine fram til 2019 med mogleg forlenging i to år til. Det skal også vere såkalla nettokontraktar. Dermed vert Telemark Bilruter (TBR) framleis i eige hus. Bilrutene ordnar med oppsett av rutetabellane og har eigeninteresse i at billettinntektene er så høge som råd. Dette i motsetnad til bruttokontraktar der Vestviken Kollektivtrafikk (VKT) hadde tatt hand om pengane sjåførane tek inn.

Årsaka til at fylkesrådmannen og partia Høgre, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Framstegpartiet gjekk inn for å setje busstilboda i distrikta ut på anbod, er eit nytt EU-direktiv som sett krav om anbod når konsesjonane skal forhandlast på nytt. Direktivet er enno ikkje implementert i norsk lovgjeving. Det skjer venteleg i løpet av året.

Artikkelen held fram under annonsen.

I fylkesutvalet fekk Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti fleirtal for at dagens busselskap får halde fram i nye seks år, og at Vestviken Kollektivtrafikk går i tingingar med selskapa for å kome fram til nye avtaler.

Spenning

Spenninga hang i veggane i fylkestingsalen. Mindretalet talte varmt for konkurranse, og dei hadde hyra inn advokat for å gjere greie for at fleirtalstilrådinga kunne ende med KOFA-bot for brot på EU-reglane.

– Advokatens utgreiingar skremmer korkje meg eller Senterpartiet til å endre syn i saka, sa fylkesvaraordførar Lars Bjaadal (Sp) under ordskiftet.

Bjaadal legg vekt på at det var eit politisk vedtak fylkestingets fleirtal fekk gjennom. Han meiner vedtaket sikrar både rutebilnæringa i distrikta og trafikkantane i desse områda.

– I Vest-Telemark er trafikkgrunnlaget såpass lite at marknadsmekanismane ikkje fungerer. Difor meiner eg det er all grunn for busstilbodet i åra framover, og hindre at anbod kunne ta knekken på Telemark Bilruter med fleire hundre lokale arbeidsplassar, meiner fylkesvaraordføraren.

Vedtak med protokoll

I fylkestingsvedtaket er det ein protokolltilførsel som seier at dersom KOFA reiser erstatningssak mot fylkeskommunen fordi det ikkje vert anbodsrunde, er det fylkeskommunen og ikkje Vestviken Kollektivtrafikk som eventuelt skal straffast med bot.

– Den protokollen kan fleirtalet leve godt med, kommenterer Lars Bjaadal.

Spørsmålet om kontraktsform knytt til rutebilkøyringa har versert i fylkespolitikken i eitt år. Saka byrja under fylkestinget i Langesund i april i fjor, har sidan støtt vore på agendaen i fylkeskommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vest-Telemarkrådet (VTR) har heile tida vore engasjert og på vakt mot nye ordningar som var eigna til å setje 100-årsjubilanten Telemark Bilruter i spel. Både frå regionen og bilrutene er det brukt mykje tid og krefter for å sikre eit utfall i tråd med fleirtalsvedtaket i fylkestinget.

Tid for bygging

– Dette er eit veldig viktig vedtak som gjer at dei eksisterande busselskapa i distrikta kan halde fram. No er tida kome for at ein innan kollektivtrafikken kan byggje i form av ruteproduksjon og betre tilbod framfor å rive ned, seier regionrådsleiar Kjell Gunnar Heggenes i VTR.

Alt komande fredag skal Telemark Bilruter i tingingar med Vestviken Kollektivtrafikk om ein ny seksårig kontrakt.

– Ja, det vart siger, men han sat langt inne, medgjev disponent Svein Olav Straand i Telemark Bilruter.

No har politikarane talt, slik at det er opptil partane å kome fram til semje om nye kontraktar. Dette arbeidet har byrja, men det fyrste formelle tingingsmøtet er fredag.

Rakrygga politikarar

– I fylkestinget prøvde mindretalet å så tvil om det var lovleg å gå utanom anbod. Eg synest politikarane som har delt oppfatninga vår, har stått rakrygga heile tida, og eg er glad dei stod løpet heilt ut, seier TRB-disponenten.

Administrerande direktør Bernt Dahle i Drangedal Bilruter leiar Transportbransjens landsforeining i Telemark. I ein kommentar til VTB peiker Dahle på at heile kampen har dreidd seg om å sikre at lokale rutebilselskap med lokale eigarar og tilsette fekk halde fram. Til liks med Svein Olav Straand er Dahle glad for at argumenta deira samla fleirtal i fylkestinget.

– Me driv ikkje berre med rutebussar. Selskapa har godstransport, verkstadrift og turbusskøyring. Alt heng saman for å skape økonomisk berekraft i dei einskilde selskapa. Ei årelating av nokre aktivitetar og lønsame ekspressbussruter ville me ikkje kunne leve med, understrekar Dahle.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Frykter du ein reaksjon frå KOFA og EU etter vedtaket?

– Det er sjølvsagt ei utfordring som me må ta omsyn til. Me meiner sjølv at selskapa har ei rasjonell drift til beste for lokalsamfunna. Difor trur eg på ei god løysing med lokal forankring, seier Bernt Dahle.