Bjerke blei godt hugsa av dei eldre i bygda
I år er det 100 år sidan forfattaren André Bjerke blei fødd. For nokre veker sidan var dottera, Vilde, på Vest-Telemark museum og fortalde om faren og forfattarskapet hans. Det blei ei personleg vandring.
Vilde Bjerke fortalde historia frå Bandak hotell der faren og ein god ven, Knut Lyran, var under krigen. Samstundes var det nokre tyske nazistar der, og dei var tydeleg oppsette på å ta livet av Lyran og dermed setje livet til André Bjerke i fare også.
Redda av hotellvertinna
Ho fortalde om korleis hotellvertinna, Hege Fosli, praktist talt redda livet deira ved å spandere alkohol på nazistane samstundes som ho flørta med dei for å få søkjeljoset bort frå Bjerke og Lyran.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Utan Hege Fosli hadde eg ikkje stått her i kveld, smilte Vilde Bjerke.
– Knut og pappa reiste grytidleg neste morgon frå Bandak hotell. Dei sette kursen mot det som den gongen måtte vere Telemarks best bortgøymde bygd – Langlim, sa ho.
Budde to stader – mest på Kvasloa
Fleire av dei frammøtte på museet i Eidsborg var opptekne av om Bjerkes mest kjende roman, «De dødes tjern», var skriven i Eidsborg, og om det faktisk er Eidsborgtjønni som er «De dødes tjern», slik Vilde Bjerke gjekk langt i å antyde tidlegare i vinter.
– Me veit at han var mykje i bygda, og særleg budde han på Kvoslaaen, eller Kvasloa, som me seier i dag, medan han skreiv. Han var også på Lofthus Haugen. Båe er plassar med utsikt til Eidsborgtjønni, seier Tor Ola Brattekås og Steinar L. Mandt.
Dei hadde høyrt frå eldre folk i Eidsborg at forfattaren hadde vore nokså mykje i bygda under krigen, og at han ofte var innom biblioteket for å låne diverse bøker.
– Margit på Kvasloa sa i si tid til mannen min at André Bjerke budde der, fortel Marthe F. Betten.
Dermed er det mykje som byggjer oppunder teorien til Vilde Bjerke om at store delar av manuskriptet til forfattarens mest kjende verk blei skrive i Eidsborg.
Manglar det endelege beviset
Det er også kjent at han skreiv mykje i den tida han var i Langlim under krigen, men dersom tidslina til Vilde Bjerke er rett, var han der etter at «De dødes tjern» blei påbyrja.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg skulle gjerne hatt det endelege beviset for å slå fast dette, så viss nokon kan kome med det blir eg glad, sa ho.
Andrè Bjerke bruka også pseudonymet Bernhard Borge. Det hadde fylgjande forklaring, seier dottera, Vilde:
– Det var for å skilje mellom sjangrane i det han gav ut. Det var som forfattar av kriminalromanane han nytta pseudonymet, smiler ho.
I eit brev til ein slektning skreiv han som 23-åring, altså i 1941, då han arbeidde med «De dødes tjern»:
«Hvis jeg er heldig med framstillingene, tror jeg dette kan bli en god salgsvare.»
– Det kan ein absolutt seie det vart, og det blei altså laga film av boka i 1958, seier dottera til Henny Moan og André Bjerke.
Forfattaren var også ein glimrande sjakkspelar, og vart rekna for å vere blant dei 50 beste i Noreg. André Bjerke fekk hjerneslag i 1981, og blei då sitjande i rullestol. Han døydde i januar 1985.
Les saka frå januar her.