Blei inspirert av utsikta
Over 150 menneske var samla på Vierli då skulpturen «Vidsyn» blei avduka.
– Dette har eg gleda meg til. Endeleg er dagen her. Det er nervepirrande, og det har blitt nokre vakentimar i natt. Men no gler eg meg til å vise fram «Vidsyn», sa bilethoggar Hilde Mæhlum til VTB før skulpturen blei avduka laurdag.
På ein topp i bakken ovanfor Vierli står ein fire og ein halv meter lang skulptur og venter på å sjå dagens ljos. Skulpturen står i enden av ein ny grusveg som Vierli skisenter har laga. Den er godt pakka inn slik at ingen skal sjå han – enno.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vil få folk ut
I 2015 fekk Vinje kommune pengar frå Telemark utviklingsfond og Telemark fylkeskommune til eit landart prosjekt. Dei sjekka ut fleire forskjellige stader i kommunen, men landa til slutt på Vierli – med si fantastiske utsikt mot Møsvatn.
– Tanken med å plassere skulpturen her oppe er å få folk ut i terrenget og lage dette til ein stoppeplass. Med dette flotte utsynet ynskjer me at staden skal knyttast til vandreturar inn over Svinefjellet, fortel prosjektleder Kirsti Camerer.
– Då me leita etter kunstnarar fall valet raskt på Hilde Mæhlum. Ho er ein fantastisk kunstnar og me er veldig glade me fekk til dette flotte samarbeidet. «Vidsyn» er heilt fantastisk, avslørar Camerer.
Stor applaus
Fleire hundre turkledde menneske, små og store, unge og gamle kjem gåande på rad og rekke opp den nye turvegen til skulpturen. Turen er om lag éin kilometer lang og tek 15 minuttar.
Inger Lien og Ånon Egeland, bidrog med flotte musikalske innslag, og Vinjeordførar Jon Rikard Kleven fekk æra av å avduke skulpturen.
– Ut i frå det eg har høyrt om skulpturen så har eg ei forventning om ein kommunikasjon med landskapet som er rundt oss. Eg har ikkje sett han enno og er veldig spent, sa Kleven.
Dei frammøtte samlar seg rundt «Vidsyn». Den store duken som dekka til skulpturen blir tatt av, og publikum står mållause av synet som står framom dei. Dei set i gang med ein stor applaus til kunstnaren.
– Det er heilt fantastisk at så mange har møtt opp her i dag. Tusen, tusen takk alle saman, sa ein audmjuk Hilde Mæhlum.
Artikkelen held fram under annonsen.
16 bitar
Då Hilde Mæhlum fekk førespurnaden frå Vinje kommune takka ho raskt ja til samarbeidet, og då ho kom til Vierlitoppen der skulpturen skulle stå blei ho inspirert med ein gong.
– Det har vore ein lang og fantastisk prosess. Fyrste gongen eg var her blei eg inspirert til å tenke på to augo som ser ut over det fantastiske landskapet mot Møsvatn, Raulandsfjell og Hardangervidda, seier Mæhlum og held fram:
– Skulpturen er laga som 16 bitar. Eg støypte dei i gips på verkstaden min i Oslo, og kvar og ein blei sendt til eit støyperi i Berlin, Bildgießerei Hermann Noack.
Bit for bit blei dei støypt i bronse og sveisa saman. Dei er pussa blanke på sida som står ut mot landskapet, og skulpturen er grovare på baksida. Det har vore heilt fantastisk å få lov til å lage «Vidsyn».
– Korleis fekk de skulpturen opp på fjellet?
– Fyrst blei han frakta frå støyperiet i Berlin til Noreg og så til Vierli. Det var nokre utfordringar med å få han til topps, då det ikkje er berre, berre å frakte ein fire og ein halv meter lang skulptur av bronse til ein fjelltopp, smilar ho.
– Til slutt blei han kjøyrt opp med traktor, og no står han her og ser ut over landskapet. Det er fantastisk, seier bilethoggar Hilde Mæhlum.