Torgeir Lid Byggland vann KM-sprinten på heimebane laurdag. Han hadde full kontroll heile vegen.
Torgeir Lid Byggland vann KM-sprinten på heimebane laurdag. Han hadde full kontroll heile vegen.

Blei krinsmeister - legg opp etter sesongen

Torgeir Lid Byggland hadde full kontroll på KM-sprinten på heimebane laurdag. Han rykte frå resten av feltet i starten, og kontrollera løpet heile vegen. Etter sesongen er det slutt på satsinga frå den talentfulle karen.

– Eg har fått meg lærlingjobb som snikkar hjå Bygg og Anleggsservice her i Høydalsmo, så då vel eg det framfor vidare satsing på langrenn. Eg veit kva som må til for å vere i toppen, og eg har funne ut at eg ikkje lenger er motivert for å satse så mykje, seier han.

Men fyrst skal han fullføre sesongen for Team Telemark, og det ynskjer han å gjere best mogleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er klart eg vil gjere mitt beste, og det er vel ikkje sikkert eg kjem til å leggje skia heilt vekk neste sesong heller. Men noko hard satsing blir det altså ikkje, fortel Lid Byggland.

Sprintar i toppklasse

Han var den store favoritten på sprinten laurdag, og han skuffa ikkje.

– Eg kjente på prologen at eg hadde god kontroll, og det var vel berre uhell som kunne ta frå meg sigeren, smiler han.

- Når sesongen er over byrjar eg som læring hjå Bygg og Anlegsservice i Høydalsmo. Eg har rett og slett ikkje motivasjon nok til å satse vidare, seier Torgeir Lid Byggland.
- Når sesongen er over byrjar eg som læring hjå Bygg og Anlegsservice i Høydalsmo. Eg har rett og slett ikkje motivasjon nok til å satse vidare, seier Torgeir Lid Byggland.

– Men det er klart eg kjente presset fordi eg konkurrera på heimebane, og fordi du tok bilde av meg før eg gjekk finalen, ler Lid Byggland.

– Kva med morgondagens 10-kilometer?

– Det blir nok for langt for meg, svarar han.

Det hadde han nok rett i, for då enda han på 4. plass, 1.46 bak vinnaren Even Kristoffersen frå Kragerø. Trøysta må vere at blant dei ti løparane i seniorklassa tok løparar frå Team Telemark dei seks fyrste plassane.

Stort talent

Teamsjef hjå Team Telemark, Hans Kristian Lahus, meiner det er rett av Byggland å trappe ned dersom han ikkje har motivasjon nok til å satse.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Han har eit ufatteleg talent, og han kunne nådd så langt han ville, men det krev full satsing. Då må også motivasjonen vere der, og så lenge Torgeir ikkje har den inne stør eg han i avgjerda, forklarer Lahus.

­ – Han er ung, så det er fullt mogleg for han å satse på eit seinare tidspunkt, legg Lahus til.