Blei velta rundt i odelsdansen
Gunn Marit Andersen og Knut Rønningen frå Vestfold kjøpte odelsgard på Austheii. Ein person varsla odelskrav få dagar før fristen på eitt år gjekk ut. Av den grunn kjøpte paret ein gard i Froland i Tokke. Då familien var vel etablert på den nye heimstaden, varsla personen med odel at kravet blei trekt. Plutseleg sat Andersen og Rønningen som eigarar av to gardar og med stor gjeld. Det skal ikkje vere nødvendig å kome med odelskrav etter at det er gjeve konsesjon. Få bort odelslova. Det er ikkje tvil om at ho hindrar tilflytting til bygdene, seier paret.
Gunn Marit Andersen og Knut Rønningen frå Vestfold leita etter ledige bruk i fire år.
Me leita i Vest-Telemark, for det var her det kunne vere noko ledig til vettug pris, fortel paret.
Artikkelen held fram under annonsen.
I 1997 såg dei at eigedomen Midtgarden på Austheii blei avertert. Det enda med kjøp sjølv om dei visste at det var fleire som hadde odel.
Alle med odel blei kontakta. Ingen ville verken ha bruket eller seie frå seg odelen. Det blei vrient for oss. Me hadde leita i fire år og hadde veldig lyst på bruket, fortel dei.
Odelskrav i tolvte time
Etter at dei flytta til eigedomen byrja rykta å svirre om at det var ein eller annan som kunne tenkje seg å ta garden på odel. Det gjorde at dei nye eigarane ikkje torde investere på bruket, men måtte vente eitt år som er fristen for å gjere krav på odelen.
Då det var ei veke att av fristen byrja Andersen og Rønningen å telje dagar. Så small ballongen. Ei kvinne med odel melde seg.
Me mista motet, fortel Andersen. Den gong sa ho klart ifrå at neste gong skulle odelsfråskrivinga vere heilt i orden før paret skulle kjøpe gard att.
Eg såg føre meg korleis det ville bli å flytte på hybel med 30 sauer, kjem det frå Rønningen.
Seinare fann advokaten til paret ut at det kanskje likevel ikkje var odel på Midtgarden. Det synet fekk medhald i heradsretten, men kvinna som meinte ho hadde odel vann ankesaka i lagmannsretten.
Ville ikkje likevel
Mellom rettssakene viste det seg at Nordgarden midtre i Froland i Tokke var på sal. Då Andersen og Rønningen tapa i lagmannsretten, slo dei til og kjøpte eigedomen i Froland. Med seg som «startkapital» fekk dei ein utgift på 90.000 kroner som forsvann i rettssystemet. Ein odelstakst for Midtgarden viste at paret ville få tilbake omtrent det dei gav for odelsbruket.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ei veke før kvinna med odel skulle overta Midtgarden, fekk Andersen og Rønningen melding om at ho ikkje ville ha bruket likevel. Plutseleg sat paret med to gardsbruk og ei samla gjeld på 1,5 millionar kroner.
Det eignar seg ikkje på trykk kva me tenkte om personen som gjorde krav på garden. Me fekk stadfesta tankane våre om henne, utan at me vil utdjupe noko meir om det, seier Andersen og Rønningen.
Det gjekk nesten eitt år før dei fekk selt Midtgarden.
Eg trur salet gjekk i minus, men det er ikkje alt ein skal rekne på, seier Rønningen, lei etter å ha vore ut med mange tusen kroner i ekstra renteutgifter på grunn av to bruk.
Låst adelskap
Han meiner odelslova har øydelagt mykje for mange. Nå ynskjer han at odelslova blir erstatta med ein forkjøpsrett der dei med odel må kome med krav innan to-tri månader.
Det skal ikkje vere nødvendig å kome med odelskrav etter at det er gjeve konsesjon, meiner Rønningen.
Han finn det merkeleg at bønder og dei som eig gardar ikkje tør sleppe til andre, men bare eiga slekt.
Dei har ein adelskap som er heilt umogleg å kome inn i. Resultata er ofte at bruka blir ståande tome eller blir fritidseigedomar. Slepp heller til dei som vil drive bruka, oppmodar Rønningen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Andersen har aldri skjøna kvifor eigarane av bruka ikkje kan selje det ut av familien, i staden for å la dei rotne.
Slepp folk til
Få bort odelslova. Det er ikkje tvil om at ho hindrar tilflytting. Det er fleire som kan tenkje seg småbruk, og somme har vore innom oss og spurd om me veit om ledige eigedomar. Slepp dei til og det vil bli meir liv i bygdene. Stå heller sterkare på buplikta, og at folk verkeleg flyttar og bur på eigedomen. Ynskjer dei å bu der kan det godt vere snakk om 15 år med buplikt, meiner Andersen.
Paret meiner dei med bruket i Froland har fått ein kjempebra livssituasjon, der dei driv med sau, gris, bygdeservice og skogsarbeid. Spørsmålet er om dei ikkje laga ris til eigen bak då dei fyrst gambla på å kjøpe ein odelsgard.
Klart me laga ris til eigen bak. Båe hadde faste jobbar som me sa opp. Men du har ikkje moglegheit til å få eit småbruk om du ikkje sjansar, avsluttar Andersen og Rønningen.
Odelslova blir truleg endra
Torsdag føreslo eit statleg oppretta odelslovutval å forenkle og modernisere odelslova på fleire sentrale punkt. Eit fleirtal i utvalet vil la fleire gardar bli odelsfrie ved å auke nedre grense med 20 dekar dyrka jord og 100 dekar produktiv skog, til høvevis 50 og 1.000 dekar. Dermed vil dagens 140.000 odelsbruk bli redusert til 90.000.
Vidare vil eit samrøystes utval redusere fristen frå eitt år til seks månader for å kome med odelskrav. Det gjer at seljar og kjøpar får avklara situasjonen raskare. Utvalet vil også gje høve til å krevje at dei med odel tek eit standpunkt innan to månader om dei vil overta eigedomen.
Odelslovutvalet vil oppheve overgangsordninga som sikrar at menn født før 1965 har betre odelsrett enn kvinner som er eldre. Vidare vil eit fleirtal halde på dagens reglar for kven som har odelsrett. Mindretalet vil at bare barn av personar som eig eigedomen får odelsrett.