Blir flyktningbustad
Til sommaren flyttar fem sekstenåringar inn i eit hus Seljord kommune har kjøpt på Kyrkjejordet.
Seljord kommune har teke i mot fem einslege mindreårige flyktningar. Leiande miljøterapeut i kommunen, Geir Anders Jensen, fortel at dei fyrste kom i oktober, medan den siste kom i februar. Ein av flyktningane er frå Eritrea, medan dei fire andre kjem frå Afghanistan. Alle er fødde i 2001 og går i tiande klasse på ungdomsskulen i Seljord.
Foreldreteam
No er dei fem innlosjerte i fyrste høgda i bygningen som Sjukehuset Telemark eig, og der det Distriktspsykiatriske senteret held til i andre høgda. Rundt seg har dei fem flyktningane totalt 13 personar som er tilsette i til saman 8 årsverk. Jensen fortel at alle tilsette går i turnus. Turnusen går samanhengande frå måndag til onsdag, onsdag til fredag, og fredag til måndag.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me har tilsett same talet kvinner og menn. Dei skal fungere som foreldreteam og gjera bustaden mest mogeleg lik ein heim. Målet vårt er å skapa gode borgarar, understrekar miljøterapeuten.
Vis-à-vis kyrkja
Frå sommaren av blir det slutt på institusjonstilværet. Då flyttar dei fem ungdomane til bustaden Seljord kommune har kjøpt på Kyrkjejordet. Kommunen kjøpte bustaden, som inneheld to bueiningar, av tidlegare lensmann Torodd Aase, for takst. Kjøpesummen var på 3 550 000 kroner.
– Kva skal gjerast med huset før de flyttar inn?
– Det handlar bare om naudsynte ting som drenering og slikt. Kjøkkenet skal pussast opp, eller er det bare vanleg vedlikehald som skal utførast, seier Jensen. Den økonomiske ramma for oppussinga blir opplyst å vera på kring 300 000 kroner.
No gler ungdomane seg til å flytte frå det dei opplever som ein institusjon, til eit vanleg bustadhus. Der skal dei lære å bu.
– Til dømes skal ikkje kommunen ha vaktmeisterutgifter til huset. Min filosofi er at flyktningane skal ta ansvar sjølve og lære å ta vare på eit hus, seier Jensen.