Blir ikkje skuleskyss med Fjoneferga
Framlegget frå Høgre og Senterpartiet om å legge elevane frå Fjone under skulekrinsen til Kyrkjebygda skule fekk berre opposisjonens røyster, og fall.
I innstillinga til rådmannen var det framlegg om å legge ned Fjone skule og å overføre elevane til Tveit skule i Treungen.
Opposisjonen hadde framlegg om å overføre elevane på Fjone til Kyrkjebygda skule. Ian Parry-Jones (Sp) seier dei meiner det hadde vore det beste.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me meiner det hadde vore best for kommunen. Hovudårsaka er at me vil sikre eit reelt skuleval for foreldra, og at me ynskjer at Fjoneferja blir brukt til skuleskyss. Då vil fylkeskommunen måtte dekke ein tredjedel av kostnadene ved transporten, og dette vil vere gunstig for kommunen, seier Parry-Jones.
Saka skal no ut til høyring før ho vert handsama i kommunestyret 14 april.
Parry-Jones seier det no er opp til folk på Fjone og komme med sine meiningar.
– Me i opposisjonen har også blitt skulda for å ha skjult agenda. Det er eg ueinig i. Min agenda er å styrke samfunnet på Fjone, sikre eit reelt skuleval og vidare ferjedrift, seier Parry-Jones.
Posisjonen er glad for vedtak
Ordførar i Nissedal, Halvor Homme (Ap), seier posisjonen med Ap og KrF heldigvis har fleirtal slik at framlegget frå Sp og Høgre ikkje vart noko av.
– Det var eit dårleg framlegg, og kom også overraskande. Det var Ap som for nokre år sidan innførde fritt skuleval i Nissedal, og eg forstår ikkje argumentasjonen. Eg vil seie opposisjonen manglar argument, seier Homme.
Det har i det siste vore døme på fleire foreldre som har søkt borna sine over frå Fjone til Tveit skule. Ordføraren seier dei har hatt god kommunikasjon med desse foreldra.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me har kommunisert med foreldra på Fjone, og bussruta til Tveit skule skal heretter ikkje gå innom Heimdal. Slik blir skulevegen 15 minutt kortare. Fjoneferga er eit prøveprosjekt som er høgst usikkert. Det er utfordringar knytt til å halde ein stabil transport gjennom heile vinteren då vatnet ofte kan fryse att, seier Homme.
Kritisk til leiarstil
Parry-Jones reagerer også på debattklimaet i formannskapet i Nissedal.
– Eg likar ikkje leiarstilen til ordføraren, og posisjonens ufine ordbruk. Det må vere lov å vere ueinig utan at det skal bli ubehageleg å vere med i politikken. Det er mykje snakk om rekruttering av kvinner og ungdom, og eg synest ikkje slik oppførsel gjer det lettare å rekruttere nye menneske inn i politikken, seier Parry-Jones.
God stemning
Halvor Homme vedgår at det av og til kan gå ei kule varmt, men er ikkje samd i at dette er eit generelt problem.
– Eg synest det er veldig leit om Parry-Jones ser slik på det, og tek til meg kritikken. Men eg meiner me har god stemning i formannskapet i Nissedal, og synest kritikken er litt utidig som ei generell betraktning. Eg køyrde på i denne saka for å få svar, fordi eg meiner det er viktig at ein har ein viss integritet for synspunkta sine, seier Homme.
Ordføraren seier det i enkelte saker kan bli ein anna tone, men at det aldri skal vere ubehageleg.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg beklagar om det vart opplevd slik, men at dette hindrar rekruttering til politisk arbeid meiner eg fell på sin eigen urimelighet, seier Homme.