I dag har Mattilsynet kontorstad på Dyrskuplassen i Seljord. Kvar kontoret for øvre Telemark blir plassert blir ikkje avgjort før ved årsskiftet.
I dag har Mattilsynet kontorstad på Dyrskuplassen i Seljord. Kvar kontoret for øvre Telemark blir plassert blir ikkje avgjort før ved årsskiftet.

Bø og Seljord-kontoret blir slått saman

Mattilsynet i Telemark har i dag tre kontor, men frå 1. januar 2021 vil kontora i Bø og Seljord bli slått saman. Kvar det nye kontoret for Øvre Telemark blir plassert er enno ikkje avgjort.

Den endelege avgjerda om framtida til Mattilsynets kontor i Seljord ligg i administrerande direktør Harald Gjein sine hender. Tidlegare i år blei det bestemt at Mattilsynets kontor i Seljord og Bø skal bli til eitt og kontoret i Porsgrunn held fram som i dag.

Avdelingssjef for Mattilsynet i Telemark, Jan Egil Aronsen, stadfestar at prosessen med samanslåing har halde på ei tid – men poengterer at det ikkje er tatt ei avgjerd på kvar det framtidige kontoret for Øvre Telemark skal liggje.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er midt i ein prosess. I dag er det fem medarbeidarar ved kontoret i Seljord og i Bø er det fire tilsette etter reduksjonen som skjedde i samband med omorganiseringa i 2015. Men ved kontoret i Bø er det i tillegg stasjonert sju andre tilsette som høyrer til andre avdelingar i Mattilsynet elles i landet, seier Aronsen.

Han legg til at dei får full støtte frå alle i Mattilsynet, både tilsette og leiing, om samanslåing, og seier at ei større eining vil gje eit større fagmiljø og vere mindre sårbart mellom anna med tanke på ferieavvikling, sjukdom og anna.

– Me ynskjer også å føre ein open prosess. Me er viljuge til å kome for å informere om den vidare prosessen, og forklarar også gjerne bakgrunnen for avgjerda som er tatt, seier han.

Kvar det nye kontoret for øvre Telemark vil bli plassert er enno ikkje avgjort, seier avdelingssjef for Mattilsynet Telemark, Jan Egil Aronsen. (Privat foto)
Kvar det nye kontoret for øvre Telemark vil bli plassert er enno ikkje avgjort, seier avdelingssjef for Mattilsynet Telemark, Jan Egil Aronsen. (Privat foto)

Ved årsskiftet

Aronsen seier at det ikkje er tatt stilling til kvar eit framtidig kontor for Øvre Telemark vil bli plassert, og at det heller ikkje er sikkert at kontoret vil hamne i Bø eller Seljord. Men han ser at geografisk plassering er viktig sidan det er lange avstandar og eit stort dekningsområde.

– Det er dette me arbeider med og er midt oppe i, meir kan eg ikkje seie om det, kommenterer avdelingssjefen.

Men han legg til at det kan bli opna for at fleire kommunar kan vere med når anbodet om plassering blir opna.

– Me reknar med at det vil liggje klar ei avgjerd innan 1. januar 2018 med omsyn til kva kommunar som blir aktuelle.

Hovudkontoret til Mattilsynet i Oslo vil stå for den vidare prosessen i samband med å hente inn anbod. Men det vil ikkje skje fysiske endringar ved dei to kontora før ved årsskiftet til 2021, seier Aronsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Står saman for å verne Seljord-kontoret

Telemark bonde- og småbrukarlag, ordføraren i Seljord og Vest-Telemark-rådet vernar om Mattilsynets kontor i Seljord.

Telemark bonde- og småbrukarlag, ved leiar Kari Tellefsen, sendte eit brev til direktør i Mattilsynet region aust, Wenche Aamodt Furuseth, i juni i år der dei oppmoda sterkt om å vidareføre distriktskontoret i Seljord.

Den same oppmodinga har Mattilsynet nå også motteke frå ordførar i Seljord, Halfdan Haugan (Ap) og eit samla Vest-Telemark-råd, der alle ordførarane i regionen stør lokaliseringa i Seljord.

Geografi

Som representant for brukarane av tenesta til Mattilsynet ynskte Telemark bonde- og småbrukarlag å leggje vekt på at halve arealet i Telemark ligg i Øvre Telemark der avstandane er store og driftseiningane jamt over er små.

– I eit slikt område er det særleg viktig at Mattilsynet er godt kjent i bygdene og med landbruksverksemdene. I dag utfører kontoret i Seljord både tilsyns- og rådgjevingsfunksjonen på ein god og innsiktsfull måte, og kontakten med husdyrhaldarane og foredlingsprodusentane er kjenneteikna av gjensidig tillit. Det kan bli krevjande å opparbeide like gode relasjonar og ein så høg kvalitet på tenesta om distriktskontoret blir lagt utanom regionen, skriv laget i brevet til Mattilsynet.

Eit anna moment laget peikar på er kontakten mellom Mattilsynet og Dyrsku’n og nemner at Dyrsku’n er kanskje den viktigaste møteplassen i Noreg mellom landbruket og samfunnet.

Bonde- og småbrukarlaget peiker også på at om ein legg ned kontoret i Seljord meiner dei det vil svekkje både husdyrbruk og satsing på lokal foredling. Dei meiner også ei nedlegging vil vere i strid med nasjonale og regionale landbrukspolitiske mål.

Telemark bonde- og småbrukarlag meiner at det gode tilhøvet mellom Mattilsynet, husdyrhaldarane, matprodusentane og Dyrsku’n er ein styrke for alle partar, og for alle kommunane i Øvre-Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me vil sterkt oppmode om at Mattilsynet fører vidare distriktskontoret på Dyrskuplassen i Seljord, avsluttar dei.

Seljord best eigna

I Seljord-ordførarens uttale om kontorstruktur peikar han mellom anna på at regjeringa vil sikre ei meir balansert lokalisering av statlege arbeidsplassar og viser til at spreiing av kompetanse er eit bidrag til å styrke kunnskapsmiljø også utanfor storbyane.

– Seljord kommune meiner dette er eit sterkt og vektig argument for å halde på statlege arbeidsplassar i denne delen av Telemark.

Ordføraren peikar også på definisjonen; Øvre Telemark.

– Det er ikkje definert noko regionsenter for øvre Telemark. I denne samanheng består øvre Telemark av kommunane Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Vinje og Tokke i Vest-Telemark i tillegg til Hjartdal og Tinn i Aust-Telemark. Seljord ligg lenger nord og vest enn til dømes Bø i Midt-Telemark. Slik sett er eit distriktskontor for Mattilsynet betre eigna til å vere lokalisert i Seljord enn i Bø eller Porsgrunn, skriv Haugan.

Han legg til at Mattilsynet er ei viktig statleg verksemd i regionen der det blir kravd høgare utdanning til stillingar i organisasjonen.

– I Seljord rekrutterer Mattilsynet personar med høg utdanning, mange av desse har nær tilknyting til distriktet. For å rekruttere personar til distriktet vårt, eller for å få folk til å flytte tilbake etter ferdig utdanning, er det heilt avgjerande å kunne tilby arbeidsplassar med ulike krav til kompetanse i øvre Telemark. Seljord kommune meiner at distriktskontoret for Mattilsynet må vere lokalisert i Seljord, avsluttar Haugan.