Bøddelkvalifikasjon: fyresdøl

I 1892 søkte Torgeir Vraa på stillinga som bøddel. Han meinte oppveksten i den ville naturen i Hauggrend var ein god kvalifikasjon. Men han fekk ikkje jobben …

Då stillinga som bøddel her til lands blei lyst ut siste gongen, i 1892, fekk Justisdepartementet inn kring tjue søknader. Ein av desse var frå 25 år gamle Torgeir Vraa som på den tida var lærar på Modum.

Den siste skarprettaren

A-magasinet hadde sist sommar ein artikkel om skarprettar-yrket, og nemnde der ein del av søkjarane som ville overta jobben etter Theodor Larsen. Mellom desse var altså læraren Torgeir Vraa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den siste Larsen hogg hovudet av var den 72 år gamle rovmordaren Kristoffer Nilsen Svartbekken. Han blei avretta på Løten 25. februar i 1876, og blei den siste som blei likvidert i Noreg i fredstid. Trass dette blei altså stillinga som bøddel lyst ut så seint som i 1892. På denne tida var dødsstraff på vikande front, og det er liten grunn til å tru at søknaden frå Vraa var seriøs. Høgst sannsynleg var søknaden meint som eit innlegg i kampen mot dødsstraff.

Frå Hauggrend

Torgeir Vraa, som på den tida var lærar på Modum, blei seinare ein høgt akta pressemann og politikar. Han var fødd i 1868 på plassen Rui under Foldsæ som den yngste av seks sysken. I ein artikkel i Vest-Telemark blad i 2007 skreiv Tore Skaug at faren var fyresdøl og heitte Olav Gjermundson. Mora var Åse Jonsdotter Litveit frå Vrådal.

Etternamnet Vrå tok han seinare frå Vrå i Vrådal der far hans var forpaktar.

Ved hjelp av lån frå slektningar byrja han 19 år gamal på lærarseminaret i Asker, og etter ein god eksamen blei han tilsett som lærar i Modum. I 1892 gifta han seg der med Maren Sofie Hansen.

– Innførte lokalreportasjen

Torgeir Vraa byrja fyrst å skrive i houvudorganet til Arbeidarpartiet, Social-Demokraten, og då partiet den 17. mai 1905 for fyrste gong gav ut avisa Fremtiden i Drammen, var det med Torgeir Vraa som redaktør.

– I mange år skreiv han så godt som heile avisa åleine, og han kan seiast å vera den som innførte lokalreportasjen i norsk arbeidarpresse, står det å lesa i Norsk biografisk leksikon.

Stortingsrepresentant

Vraa var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet i periodane 1907–1909, 1925–1927 og 1931–1933, i tillegg til at han var lokalpolitikar i Drammen. Til stortingsvalet i 1927 blei ein skuffa Vraa vraka til nominasjonen, særleg på grunn av at han i strid med avhaldslinja i Arbeidarpartiet hadde tala og stemt imot brennevinsforbodet.

Torgeir Vraa døydde i 1934, 66 år gamal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjelde: Store norske leksikon

Søknaden:

Justitsdepartementet!

Kristiania

Undertegnede andrager herved ærbødigst det høie departement om at komme i betragtning ved besettelsen af skapretterposten for Norge.

Jeg tillader mig i den anledning at oplyse, at jeg er 25 1/2 aar gammel, født i Fyresdal, Telemarken, bestod eksamen ved Asker seminar med hovedkarakter: «Meget godt af første grad» for begge prøver og siden 1889 været lærer paa Modum, hvor jeg har faaet meget gode anbefalinger for forhold og duelighed. Da min fødeegns vilde natur og mit liv forøvrigt har ofte tvunget mig til at staa ansigt til ansigt med farer af forskjellig slags, og jeg er vant til at møde de mest alvorlige tilfælder med roligt mod, og da jeg tillige er af god helbred og sterkrygget, nærer jeg det haab at kunne tilfredsstille de fordringer, man stiller til en indehaver af ovennævnte post.

Ærbødigst

Torgeir Vraa

Artikkelen held fram under annonsen.

adr: Vikersund

Lægeattest.

Herr lærer Torgeir Vraa har idag ladet sig undersøge af mig og befindes at være frisk og sterk. Hans helbreds tilstand er ogsaa i almindelighed god.

Vikersund 30te oktober 1893 Dr. Bergh

At afskriften av ovenstaaende attst er rigtig, og de i foranstaaende andragende givne oplysninger ikke er overdrevne bevitnes.

Gunnar Haugerud