Boikottar kledeinnsamlar
Renovest har bytta kledeinnsamlar frå Fretex til U-landshjelp fra folk til folk (UFF). Etter avisoppslag om UFF boikottar bygdekvinnelaget i Fyresdal den nye mottakaren.
Fyresdal bygdekvinnelag reagerte kraftig etter å ha lest ein artikkel i Vårt Land om organisasjonen U-landshjelp fra Folk til Folk (UFF) i Noreg. Avisa slo fast at 20 millionar kroner som UFF tente på innsamling av norske klede i 2009, ikkje gjekk til ulandshjelp. 10 andre millionar kroner blei merka som bistandspengar, sendt til Sveits og deretter har Vårt Land ikkje klart å finne ut kvar midlane blei av.
På eit bygdekvinnelagsmøte i Fyresdal blei 22 medlemer orientert om oppslaget i avisa og det negative som kom fram om UFF.
Artikkelen held fram under annonsen.
Levere andre stader
Handel med brukte klede har blitt butikk og kan gje stor forteneste. Bygdekvinnelaget sit med ei oppfatning av at svært lite av inntekta går til bistand.
Det reagerer me på. Me føler UFF driv med rein svindel, og dei er usynlege i bistandsmiljøet, seier Grethe Momrak-Haugan og Anne Marie Veum i Fyresdal bondekvinnelag.
Selskapet Renovest har kutta ut Fretex-konteinarar i avfallsregionen og gått over til UFF. Like nord for Fyresdal sentrum står det plassert kledekonteinarar som bygdekvinnelaget ikkje har lyst til å ha i bygda.
Det er veldig flott det som står skrive utanpå konteinarane til UFF, men sanninga ser ut til å vere ei anna. Eg føler meg snytt og bedradd. Inntekta går heilt andre vegar enn eg sjølv tenkjer når eg gjev klede. Det er eigentleg dei som gjev klede som blir bedradd, meiner Momrak-Haugan, etter å lest alt det som har stått skrive om UFF.
Me må boikotte dei og heller levere klede andre stader. La oss få tilbake seriøse Fretex, avsluttar bygdekvinnelagsmedlemene.
Kan trygt gje tøy til UFF
Rosa Fried i UFF i Noreg synest det er frykteleg trist om oppslaga i Vårt Land skal føre til at det blir mindre bistandspengar. Organisasjonen har bestilt ein utvida revisjon for å få ein rapport som skal tilbakevise påstandane frå media.
Eg håper bygdekvinnelaget i Fyresdal avventar rapporten. Den vil vise at me har alt på stell. Folk kan trygt gje tøy til UFF. Dessutan bør dei gå inn på heimesida vår og lese kva me driv med, seier Fried.
At totredelar av inntektene i 2009 ikkje gjekk til bistand, forklarar Fried har naturlege årsaker. Konteinarar kostar 5.000 kroner per stykk. Vidare går det pengar til lønningar, husleiger, lastebilar som hentar klede og det er andre utgifter knytt til ordninga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Å sende 10 millionar kroner i 2009 til ulandshjelp er eit godt resultat. Det året støtta me 18 utviklingsprosjekt, fortel Fried.
Vil fylgje med
Styreleiar Arild Metveit i Renovest har fått med seg den lange artikkelen om UFF i Vårt Land.
Det er insinuert at det er mykje snusk i saka, men UFF er ikkje dømd for noko. Då er det vanskeleg for Renovest å gjere noko. Og me kan ikkje overta rolla frå politiet og etterforske UFF. Men me skal fylgje med på korleis saka utviklar seg. Me er ikkje spesielt glade for at det kjem fram at UFF har kontakt med nokon som kanskje driv lugubert, seier Metveit til VTB.
Kva synest du om utspelet til bygdekvinnelaget i Fyresdal?
Som styreleiar må eg halde meg til jus og avtaleverk, det treng ikkje bygdekvinnelaget, svarar Metveit.
Elles opplyser han at Renovest var veldig misfornøgd med Fretex sidan det ikkje blei henta tøy, og det var også eit prisspørsmål. Det var bakgrunnen for skiftet.
Me betaler lite no i forhold til det me gjorde før, stadfestar dagleg leiar Toralf Orekåsa i Renovest om skiftet av kledemottakar.
Orekåsa har gjort ein del undersøkingar siste tida om UFF.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg har ikkje funne noko uregelmessig hos organisasjonen. Og den norske staten har aksepter UFF, avsluttar han.
U-landshjelp fra Folk til Folk
Organisasjonen opplyser på nettsida si at formålet til UFF i Noreg er å arbeide på eit verdsleg humanitært grunnlag. Foreininga ynskjer å kjempe mot fattigdom og naud i verda, og å vere med og stø ei utvikling der menneske sjølve kan vere med og drive utviklinga framover.
Millionbutikk
Avisa Vårt Land hadde før jol ein svært lang artikkel som omhandla UFF og forgreiningane som organisasjonen har. Vårt Land skreiv mellom anna at 20 av dei 30 millionar kronene som UFF tente på innsamling av bruka klede i Noreg i 2009, ikkje gjekk til ulandshjelp. Dei 10 millionane som UFF opplyste avisa at gjekk til «formålet», blei sendt til ein systerorganisasjon i Sveits. Der hadde avisa vanskar med å få innsyn i kva pengane gjekk til.
Vidare fortel Vårt Land at UFF i Noreg har band til skulesamvirket Tvind, med utspring i Danmark. Dansk rett dømde i 2009 ein av dei sentrale personane i Tvind til fengsel for grovt skattesvik og grovt underslag av midlar som skulle gå til humanitære formål. I fylgje avisoppslaget rømde sju andre tiltalte i saka landet, men er etterlyst av politiet.
Vårt Land refererer frå domen at lagmannsretten legg vekt på at gruppa bevisst har laga eit system som er vanskeleg for styresmaktene å få innsyn i. Systemet er laga for å unndra skatt og stå fritt til å bruke pengar til andre føremål enn humanitære.