Interessa for boka om Åmdals koparverk var stor då ho blei lansert før jul. Unni Bendiksen og Dagfinn Midtbø i lokalstyret ekspederer. (Privat foto)
Interessa for boka om Åmdals koparverk var stor då ho blei lansert før jul. Unni Bendiksen og Dagfinn Midtbø i lokalstyret ekspederer. (Privat foto)

Bokslepp på Åmdals Verk gruvemuseum

Referat

Sundag 15. desember hadde rundt 50 menneske med stor interesse for lokalhistorie funne vegen til gruvemuseet. Denne førejulsettermiddagen vart fyrste bind i bokserien om Åmdal koparverk presentert og lagt ut for sal. Interessa for boka var stor. Mange bøker vart selde, og under juletreet vart mange av dei lagt.

Bind 1 tar for seg glimt frå gruvehistoria 1691–1945. I boka er det samla artiklar som tidlegare har vore på trykk i ulike bøker, tidsskrift og aviser opp gjennom åra. Mange av desse artiklane er no samla mellom to permar, slik at det skal bli enklare å få eit oversyn over historia til koparverket. I boka kan du lese om starten i 1691, storhetstida frå 1850, dei andre driftsperiodane, drivarar og styrarar, bygningar og brakker som det var så mange av, Bandaksli og transporten til Skien og Svend Aschenberg. Dette er bare eit lite utdrag frå ei innhaldsrik lokalhistorisk bok.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er inga fagbok med mange faguttrykk eller faglege utgreiingar. Det er ei bok for alle med lokalhistorisk interesse, og som har slekt og røter frå dette gruvesamfunnet. Boka har òg eit rikt biletmateriale. Tilbakemeldingane så langt har vore eintydig positive, melder lokalstyret for Åmdals Verk gruver.