Boom, boom, boom, boom og Talleiv Texas
Eit herleg arrangement med store variasjonar, kan ein trygt seie publikum i Tokkehallen fekk vere med på tysdag. Før verdsstjernene Vengaboy entra scena, hadde E-76 starta showet.
Rundt 400 betalande var innom Tokkehallen tysdag. Det var talet arrangørane måtte ha for at det heile skulle bere seg økonomisk. Tor Øystein Gravdal er primus motor bak det rusfrie arrangementet, og han var godt nøgd med kvelden.
Det heile har gått smertefritt, og det er tydeleg at dei unge har sett pris på det me har fått til, smiler Gravdal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Arrangement som fagprøve
Han gjennomfører fagprøva i barne- og ungdomsarbeid, og nettopp dette arrangementet er det han blir dømt ut frå.
Det er rett, dette er den praktiske delen av fagprøva mi. Eg håper dei som skal døme meg er nøgde, håper Gravdal.
Sjølv om det store trekkplasteret denne kvelden var Vengaboys, var det tydeleg at svært mange visste å setje pris på E-76 også.
Det var fantastisk moro å spele for dette publikummet. Dei er litt yngre enn det me er vant med, men du verden for eit liv dei skapte i salen, smiler Nils Ole Lien i E-76.
Vil sjå mest mogleg
I tillegg til å synge, dansar Vengaboys på scenen, og det var eit forrykande show dei heldt. Før showet fekk VTB nokre ord med supergruppa som består av to karar og to kvende, i tillegg til to karar som styrer med dei praktiske tinga.
Kvifor akkurat Dalen?
Me synest vatnet, altså Bandak var så flott, prøvar Yorick Bakker seg.
Seriøst, så var det fordi me fekk tilbod om å gjere ein opptreden her, og så er me opptekne av å sjå mest mogleg av Noreg når me fyrst er i landet, forklarer leiaren i gruppa Kim Sasabone.
Artikkelen held fram under annonsen.
Har det noko å seie at det er eit alkoholfritt arrangement?
Sjølvsagt betyr det mykje. Ein treng ikkje å vere rusa for å vere med på party. Det ein treng er god musikk, entusiasme og danseglede, svarar Donny Latupeirissa.
Elles var me i Noreg i fjor, og då var me i Trondheim, legg Denise van Rijswijk til.
Hits på ei snor
Så er superheltane klare for ein knapp times intens opptreden med song og dans. Kjente hits som «Boom, boom, boom, boom», «We're Going to Ibiza», «We Like to Party», «Shalala Lala» og «Uncle John from Jamaica» runga utover salen og publikum visste å ta del i partyet. Det var stor stemning, og etter konserten var det mange som gjerne kunne tenkje seg meir Vengaboys.
Dei var flinke og dette var ei flott oppleving seier ungdom frå Edland, Åmot og Fyresdal i kor.