Det er skikkeleg bratt opp lia frå Dalen og langs den gamle stien opp til Rui.
Det er skikkeleg bratt opp lia frå Dalen og langs den gamle stien opp til Rui.

Bratt lærekurve

I går var 43 åttandeklassingar i Vest-Telemark med på årets Opptur, eit arrangement i regi av Den Norske Turistforening (DNT). Elevane starta på Dalen og turen gjekk opp til Rui.

Det er fjerde året på rad at DNT arrangerar Opptur. På landsbasis er 23.000 åttandeklassingar med på arrangementet. Tanken er at elevane skal opp på ein topp eller eit utsiktspunkt i nærleiken av skulen.

– I Vest-Telemark er Tokke skule, Høydalsmo skule og Gimle skule frå Fyresdal med, og i alt er det 43 elevar som stiller, seier Jon Ingebretsen i Telemark Turistforening.

Artikkelen held fram under annonsen.

For å få til prosjektet har Turistforeninga knytt til seg studentar frå friluftslina ved høgskulen i Bø.

– Me har aldri vore på Dalen før, og det var verkeleg flott natur her. I natt har me overnatta i telt på Rui, og me ser fram til å klatre dei bratte liene saman med elevar og lærarar, smiler Signe Dall og Maria Kayser.

Og det er verkeleg bratte lier oppover Eidsborgberget der kvitveis og liljekonvall klamrar seg fast i det skrinne jordsmonnet. Bladfyken gjekk rett nok same turen for ein mannsalder sidan, men at det var så bratt ... Ingen ting er som før, men ein kan heilt klart seie at dette var ein skikkeleg opptur.

Målet med arrangementet er at fleire ungdomar skal oppleve gleda ved friluftslivet. Dei skal bli betre kjent med turtilboda og skape ein triveleg dag med fysisk aktivitet for alle, utan nokon form for konkurranse.

Vel oppe på Rui var det tid for aktivitetar av ymse slag, og det blei også tid til ei omvisning i den vesle stova etter Rui-jentene.