Gunstein Seltveit er leiar ved Kyrkjebø oppvekstsenter. Han trur framleis på at senteret skal unngå nedlegging.
Gunstein Seltveit er leiar ved Kyrkjebø oppvekstsenter. Han trur framleis på at senteret skal unngå nedlegging.

Brenn for ei levande bygd

Store og små i Skafså mobiliserer for å behalde Kyrkjebø oppvekstsenter. Måndag var dei samla til folkemøte i bygda.

Rundt 60 personar møtte fram på grendehuset i Skafså på folkemøtet mot nedlegging av oppvekstsenteret.

Formannskapet i Tokke har vedteke å mellombels leggje ned oppvekstsenteret. Fyrstkomande måndag er det avgjerande kommunestyremøte, då blir det vedteke om senteret får leve vidare. Oppfordringa på folkemøtet var klar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Påverk politikarane og møt opp i kommunestyremøtet på måndag, sa Olav Seltveit, leiar i samarbeidsutvalet ved oppvekstsenteret.

– Eg oppfordrar stort og smått til å møte opp med plakatar i kommunestyret, sa Tahar Haddad, som var ein av dei frammøtte på grendehuset.

Trygg overgang

Gunstein Seltveit er leiar ved Kyrkjebø oppvekstsenter. Han fortalde om oppvekstsenteret og dei vidare planane.

– Barnehage og skule under eitt skaper ein trygg overgang. Miljøet vil bli fattigare ved å leggje ned oppvekstsenteret, poengterte Seltveit.

Det er i dag 15 ungar ved oppvekstsenteret. Neste år er det 14, sju i barnehagen og sju i skulen. Kommunen sitt vedtak er at dersom det er færre enn åtte ungar to år på rad skal det bli vurdert om skulen skal mellombels leggjast ned.

– I fjor kosta kommunen på grendehuset med fem millionar kroner. No vil dei leggje ned aktiviteten. Kvar er forustsigbarheita, etterlyser Grunde Seltveit i samarbeidsutvalet.

Bad om analyse

Kommuneadministrasjonen meiner dei samla kan spare 800.000 kroner på å leggje ned oppvekstsenteret. Samarbeidsutvalet bad i brev til kommunen om å få ei økonomisk konsekvensanalyse av dette talet.

– Det har me ikkje fått, heller ikkje grunnlaget for reknestykket. Me har måtte leita opp all informasjonen sjølve. Ikkje er me verken økonomar eller juristar, men me har måtta prøve, seier Seltveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei har laga ei økonomisk konsekvensanalyse. Rådmannen reknar med å spare 770.000 på å leggje ned skulen. Samarbeidsutvalet meiner talet er det halve.

– Den reelle innsparinga er omlag 375.000 kroner, meiner Grunde Seltveit.

Nedlegging kan koste

Han viser til at kommunen overbudsjetterer med 110.000 kroner. Pedgagogisk tenestekontor (PTK) er ført feil, i fylgje samarbeidsutvalet, noko som gjev 115.000 kroner mindre i innsparinga i høve til budsjettframlegget frå rådmannen.

Samarbeidsutvalet meiner også ekstra skuleskyss vil koste kommunen 90.000 kroner. Dei meiner kommunen må rekne med å spare 100.000 kroner mindre enn budsjettert ved at dei flyttar lærarane ved Kyrkjebø til Dalen.

– Om forutsetningane for reknestykket vårt slår til kan faktisk kommunen tape pengar på ei nedlegging, seier han, og viser til det kan vere behov for ei ekstra SFO-stilling på Dalen. Ei 50 prosent stilling vil koste kommunen 150.000 kroner. Dessutan må det bli oppretta ei ny stilling på Dalen om elevtalet blir 19. Dette kostar kring 300.000 kroner, har samarbeidsutvalet rekna ut.

– Om alle som kan tenkjast å søkje, søkjer seg til SFO kan det vere at samarbeidsutvalet har rett ved at det kan bli auka bemanning i SFO. Men me veit ikkje kor mange som vil søkje SFO. Det kan vere noko å plukke på dei fyrste åra i rekneskapen. Men me må sjå kva som løner seg over tid, seier Olav Bjørn Bakken, rådmann i Tokke.

– Når det gjeld utrekning av skyss meiner eg dei har rekna feil. Det er vanskeleg å talfeste noko no, men transport av elevar er fylket sitt ansvar. Kommunen dekker ein billettpris per elev, forklarar Bakken, og legg til at det kan bli aktuelt å presse fylket til å stille med større buss eller ekstra buss om elevar må stå på skuleruta.

– Tek ikkje omsyn til lova

Samarbeidsutvalet ved oppvekstsenteret meiner kommunen ikkje har teke omsyn til krav i forvaltningslova. Grunde Seltveit viste til heimesida til Landslaget for Udelte og Fådelte skoler (LUFS) der dei gjeldande forvaltingsreglane ligg ute. Her heiter det mellom anna at: «Det er ulovleg å leggje ned ein skule - eller klassesteg ved ein skule - berre som ein del av eit budsjettvedtak (Økonomiplan eller Årsbudsjett).»

Artikkelen held fram under annonsen.

I forvaltingslova paragraf 37 står det mellom anna: «Kommunen må varsle ålmenta straks dei byrjar arbeidet med å utforme ny Forskrift. Då skal ein opne for innspel, opplyse om fristar m.v.»

Rådmannen meiner lova er endra.

– Det er opplæringslova som styrer dette, slik eg oppfattar det. Kommunestyret sitt vedtak er suverent. Det einaste kravet er at samarbeidsutvalet skal ha høve til å uttale seg, og det har dei hatt, seier Bakken.

Det kom synspunkt i folkemøtet frå foreldre at dei ikkje har blitt spurt i saka.

– Eg skal ikkje protestere på det. Føler dei det slik tek me det til etterretning. Men eg trur politikarane meiner dei har lytta til foreldra, seier rådmannen.

Levande bygder

Rune Portaasen er rådgjevar i LUFS og var tilstades på folkemøtet.

– Det er ikkje bare skulen ein må ta omsyn til i eit budsjett. Alt kan ikkje bli målt i pengar. Dette handlar om å ha levande bygder. Skulen er hjartet i bygda, sa Portaasen.

Det kom fleire innspel frå salen. Og mange poengterte at Kyrkjebø oppvekstsenter er ein er garanti for ein trygg oppvekst.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Elevar ser tilbake på tida på Kyrkjebø som ei god tid og lengtar tilbake, var ein av kommentarane.

Gunstein Seltveit er forsiktig optimist før kommunestyret.

– Det kjem til å bli hårfint med kan hende ei stemmes overvekt, meiner Seltveit.

I fjor vinter la Telemarkforsking fram sin rapport om skulestrukturen i Tokke på bestilling frå kommunen. Då var tilrådinga ikkje å endre skulestrukturen i kommunen.

Maner til kamp for skulen

Vivien Aasland Hansen, med slekt i Skafså, men busett i Amerika, ber om at Kyrkjebø oppvekstsenter i Skafså blir oppretthalde. Ho seier skulen er unik fordi kontakten mellom lærar og elev er så tett.

– Det er ikkje slik at ein større skule er betre enn ein liten skule. Eg skjønar at det av økonomiske årsakar er naudsynt å spare pengar, men om Kyrkjebø oppvekstsenter blir lagt ned vil lokalsamfunnet ikkje spare noko. Det vil berre tape, seier Aasland.

Ho meiner skulen er av stor verdi for bygdesamfunnet i Skafså.

– Legg ein ned skulen mistar også lokalsamfunnet det som bind ein saman, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho ber lokalsamfunnet reise seg i kampen for å bevare skulen.

– Innbyggjarane må ikkje vere redde for å seie kva dei meiner om denne saken. Dei bør kome saman og kjempe for å bevare Kyrkjebø oppvekstsenter, oppmodar ho.

Hansen bur i Iowa i Amerika og har arbeidd som lærar ved fleire grunnskuler i Amerika. Ho fortel at ho kjenner godt til både det norske og det amerikanske skulesystemet.

– Ved Kyrkjebø oppvekstsenter får elevane veldig nær kontakt med lærarane og dette gjer at utdanninga blir ekstra god for elevane, uttalar ho.

Hansen har vore i kontakt med Kyrkjebø oppvekstsenter sidan 1996 i samband med at ho leita etter gravsteiner med slektningar på kyrkjegarden i Skafså. Ho fortel at elevar, lærarar, foreldre og rektor Gunstein Seltveit ved skulen hjelpte henne med å finne slektningar og stelte i stand ei hyggestund for henne på skulen.