F.v Anne Reime, Liv Kjellfrid Lia, Astrid Eidem Nordal og Øystein Fredriksen. Anne Berge, Eilev Erikstein og Knut Bjørn Skyttermyr er også med i diakoniutvalet i Nissedal.
Broom-Jan Erik vil snakke om bilar, livet og Jesus
Diakoniutvalet i Nissedal er opptekne av at alle skal kjenne seg velkomne i kyrkja. Eit av tiltaka er å invitere til inspirasjonskveld.
– Me opplever at det er mykje godt naboskap og at folk i Nissedal har mykje omsorg for kvarandre. Me i diakoniutvalet vil også gjerne vere med å vise omsorg i lokalmiljøet, seier Astrid Eidem Nordal frå diakoniutvalet i Nissedal.
– På allehelgenssøndag inviterer me alle som har mista nokon det siste året på kveldsmat i bedehuset. Me har også invitert flyktningane som har kome til Nissedal dei siste åra på suppe. Me trur det er viktig at naboar frå ulike kulturar møter kvarandre og tenker det er fint at kyrkja kan ta initiativ til det, seier Astrid. Alle som fyller 75 og 90 år får også besøk og blom frå diakoniutvalet.
Livet, bilar og Jesus
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP