Brør tatt ut på landslaget same dag
Tysdag var ein stor dag for Ånund (22) og Torgeir Lid Byggland (16). Dei to brørne skal representere Noreg seinare denne månaden.
Helgas sesongbeste med 8. plass på sprinten i skandinavisk cup i Østersund overbeviste landslagstrenarane om at Ånund Lid Byggland fortjente plass i U23-VM i Liberec i Tsjekkia 20.27. januar. Han skal gå sprinten tysdag 22. januar.
Det naturlege målet er medalje, seier Lid Byggland, som blei nummer fire på sprinten i junior-VM for fire år sidan.
Artikkelen held fram under annonsen.
I U23-VM må han rekne med å møte løparar som seinare i vinter skal delta i senior-VM i Val di Fiemme.
Trur på Torgeir
Broren Torgeir imponerte også stort i helga med to andreplassar noregscuprenna i Steinkjer. For prestasjonen blei han løna med plass på det norske laget som stiller til start i nordisk juniorlandskamp i Trondheim 18.20. januar. Torgeir er ein av seks norske utøvarar i herreklassa. Dei same seks kjempar også om tre plassar i ungdoms-OL i Brasov i Romania neste månad. Det endelege OL-uttaket blir gjort etter juniorlandskampen.
Eg trur han har sjanse til å kvalifisere seg til ungdoms-OL. Han er god når det gjeld, seier storebror Ånund.
Det er moro at han fekk det så bra til i helga, han har tatt eit stort steg i år. Det har eg sett når me har trena saman, held han fram.
Håpar på stafett
Etter meisterskapen i Tsjekkia reiser Ånund rett heim for å vera med i NM på ski på Gåsbu. Her skal han gå sprinten og kanskje skiathlon (15+15 km med skibytte). Han håpar også at Høydalsmo IL klarer å stille lag på stafetten.
Det er utruleg moro om dagen. Magnus (Krog) har vist at hardt arbeid gjev resultat. I tillegg har Torgeir og Eivind (Romberg Kvaale) tatt store steg i år. Om somrane trenar me saman, og det gjev oss mykje, seier Ånund.