Bruk av fond for å gå i null
Trass i at Nissedal er kommunen i Telemark som regjeringa vil gje mest i auka overføring i 2018, meiner rådmannen ein må bruke fondspengar for å kome i hamn.
Då rådmannen i Nissedal gav formannskapet hovudtrekka i budsjettet for neste år, viste oppsummeringa at ein måtte bruke 800 000 kroner av oppspart fond for å kome i balanse.
– Når me er budsjettvinnaren i Telemark i forslaget til statsbudsjett for neste år, hadde eg sett føre meg å setje av til fond, ikkje bruke fond, kommenterer ordførar Halvor Homme (Ap) overraska.
Artikkelen held fram under annonsen.
Regjeringa føreslår å auke overføringa til Nissedal med 4,6 prosent i 2018. Alle dei andre kommunane i fylket ligg på to-talet eller under i vekst, ser ein bort frå Vinje med auke på 3,7 prosent.
Barnehagestillingar
Rådmannen føreslår å sette av ein halv million kroner til tiltaksplassar – arbeidsplassar og opplæring for folk som får økonomisk sosialhjelp. Korleis ordninga blir organisert og innhaldet i ho blir avklart seinare.
Snart blir det busett flyktningar i Kyrkjebygda for fyrste gong, og då er tanken å setje av 260 000 kroner til norsklærarressurs der neste år. Vidare har rådmannen rekna med ny barnehageavdeling i denne bygda, fordi ein må utvide kapasiteten. Summen er éin million kroner og to nye årsverk. Byggjekostnader for å kunne ta imot fleire barn enn i dag kjem ein tilbake til seinare.
Tidlegare har barnehagetilbodet i kommunen vore stengt i fleire år i romjola og påskeveka, men slik er det ikkje i år. Rådmannen vil stenge tilbodet igjen desse periodane, ei innsparing til 140 000 kroner. I tillegg vil han auke makstaket i eigenbetaling for barnehageplass med 6,6 prosent til 2910 kroner månaden, noko som utgjer 110 000 kroner neste år. Eigenbetalinga i skulefritidsordninga er tenkt opp fem prosent, det same gjeld kulturskulen.
Eigenbetalinga frå lag og organisasjonar som brukar fleirbrukshuset skal bort, dermed 50 000 kroner mindre i inntekter.
Mistar millionar
I Vest-Telemark er det ei 60 prosent stilling som gjeldsrådgjevar, medan forslaget er å auke ressursen til 160 prosent. Det gjev ei årleg ekstrautgift på 68 000 kroner for Nissedal.
– Eg trur det er ei viktig stilling å prioritere, sa kommunalsjef Jarle Bruun Olsen til formannskapet.
Ein prognose viser at konsesjonskraftinntektene går ned med éin million kroner i Nissedal neste år. Vidare at eigedomsskatt i hovudsak frå dei fire største kraftverka i kommunen vil gje eit inntektstap på 1,3 millionar kroner.
Artikkelen held fram under annonsen.
På investeringsbudsjettet er det ført opp 400 000 kroner til bil for flyktningtenesta, og då slepp tilsette å bruke eigne bilar. I to aldersbustader i fyrste etasje i Smeitkollen måtte bebuarane flytte ut fordi vatnet flaut på golvet. Arbeidet som må til i bygget er rekna til 600 000 kroner.
Når formannskapet skal starte budsjettdebatten 9. november vil det truleg liggje føre opplysningar om andre investeringsprosjekt som ein må vurdere.