Tone Edland (Sp) stilte seg undrande til at turnus blei bruka som ei forklaring på det store meirforbruket i helse- og omsorgseininga. No vil formannskapet ha eit møte for å unngå nye budsjettsprekkar.
Tone Edland (Sp) stilte seg undrande til at turnus blei bruka som ei forklaring på det store meirforbruket i helse- og omsorgseininga. No vil formannskapet ha eit møte for å unngå nye budsjettsprekkar.

Bruka 8,7 millionar meir enn budsjettert

Vinje-rådmann Jan Myrekrok var ikkje førebudd på den store budsjettsprekken før tala blei ein realitet mot slutten av fjoråret.

Meirforbruket på 8,657 millionar kroner gjorde at formannskapet måndag fekk gjennomgangen av den økonomiske ramma til helse- og omsorgseininga på bordet sitt.

– Den interne dialogen har vore for dårleg. Dette kan ikkje gjenta seg, sa rådmannen til formannskapet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tala nådde ikkje rådmannen før mot slutten av året.

Utfordringar i 2015

I 2015 var meirforbruket på 4,1 millionar kroner i eininga. Då blei budsjettsprekken forklara med auka pensjonskostnader og innleige frå vikarbyrå. Same året var eininga gjennom ei omstilling. Svingen bufellesskap blei opna. Kommunen kunne heller ikkje forsvare å halde sju plassar ved sjukeheimen lukka. Meirforbruket i 2016 er i stor grad knytt til løn, og utfordringane er knytt til turnusstillingar som utgjer majoriteten av stillingsbruken. Overtidsbruken har vore for høg, men har gått ned og kan reduserast ytterlegare, heiter det i saksutgreiinga.

Mangelfulle rutinar

Til stades i formannskapsmøtet var også Kari Dalen, einingsleiar for helse og omsorg, og økonomisjef Gry Åsne Aksvik. Dalen forklara at eininga stadig får tilført nye ansvarsområde og at dei ulike avdelingane ikkje opplever budsjettet som «sant» fordi vikarutgifter og budsjett for sosiale utgifter ikkje er i samsvar med utgiftene til fastløn. Det er avdekka mangelfulle rutinar i samband med lønsoppgjer. Det er mellom anna ikkje lagt inn effektar av forhandlingar for stillingar som er vakante eller der det er inne vikar.

Børre Rønningen (Ap) bad om at formannskapet får eit møte med helse- og omsorgseininga for å saman finne løysingar.
Børre Rønningen (Ap) bad om at formannskapet får eit møte med helse- og omsorgseininga for å saman finne løysingar.
– Sjølv om eg ynskjer så gode tenester som mogleg, er det me som har ansvaret for å lage eit reelt budsjett, uttala Øystein Høgetveit (SV).
– Sjølv om eg ynskjer så gode tenester som mogleg, er det me som har ansvaret for å lage eit reelt budsjett, uttala Øystein Høgetveit (SV).
Bibbi Tveito (Sp) understreka at politikarane ikkje var ute etter å ta nokon, men saman kome fram til løysingar.
Bibbi Tveito (Sp) understreka at politikarane ikkje var ute etter å ta nokon, men saman kome fram til løysingar.

– Det bekymringsfulle med dette er at om det ikkje blir lagt ei realistisk, sann ramme for løn, vil nye underskot genererast kvart år, heiter det i saksutgreiinga.

Behovet for innleige i turnusstillingar gjer til at manglar i rutinar fort får konsekvensar. Budsjettet er også splitta i meir enn 100 ansvar, noko som gjer det krevjande å ha gode nok kontrollfunksjonar.

«Fann» 3 millionar

Meirforbruket kunne ha vore på meir enn 10 millionar kroner. Kommunen inngjekk siste halvåret i 2016 ei avtale med ei rådgjevingsfirma for «optimalisering av inntekter for ressurskrevjande tenester». I praksis handlar det om refusjon for ressurskrevjande brukarar. Dette har gjeve 3 millionar kroner i meirinntekter. Eit beløp som vil auke med ytterlegare 1 million i 2017, og 1,2 millionar meir i 2018, kjem det fram av saksutgreiinga til formannskapet.

Avvik på 10 prosent

Rådmannen seier til VTB at helse- og omsorgseininga er den desidert største eininga i kommunen med eit budsjett på 111 millionar kroner. Avviket var på om lag 10 prosent. Kommunen gjekk alt i alt 10 millionar kroner i pluss i 2016. Men rådmannen er klar på at administrasjonen må gje politikarane eit betre svar på kva tenestene i kommunen kostar slik at dei kan ha eit reelt grunnlag å lage budsjett utfrå.

Det fyrste halvåret i 2017 blir bruka til å sjå på kva tenestetilbodet faktisk kostar – kva som har vore for dårleg styring og kva som har vore feil budsjettering. Kommunen har engasjert Ernst & Young til å bistå i arbeidet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein stor del av dei auka lønsutgiftene frå 2015 til 2016 heng saman med tiltak mot brukarar på Svingen. Det har også vore eit høgt sjukefråvær i eininga med ein topp opp mot 18 prosent i fjor vår. Sjukefråværet var ved utgangen av året redusert til normalt nivå.

«Dette må me ta på alvor og ruste oss for framtida»

Formannskapet i Vinje ber om eit møte med helse- og omsorgseininga i kommunen for å unngå liknande budsjettsprekkar.

Børge Skårdal (V) var opptatt av at eit budsjett må vera mest mogleg korrekt og at endra føresetnader naturleg nok skapar vanskar for eininga, men han understreka at den daglege økonomistyringa gav grunn til uro. Han tok til orde for eit klarare vedtak enn rådmannens framlegg om «å ta orienteringa til vitande og imøtesjå betre budsjettgrunnlag og auka økonomisk kontroll framover». Skårdal etterlyste ei betre oversikt over kva som er problemet, og framlegg til løysingar. Børre Rønningen (Ap) fylgde opp med å be om eit møte med helse og omsorgseininga for å best mogleg kunne unngå liknande smellar seinare.

– Som formannskap er me også økonomiutval. Dette må me ta på alvor og ruste oss for framtida. Me veit også at innbyggjarane blir eldre, og treng å gå gjennom situasjonen for å unngå å kome i denne situasjonen igjen, sa Rønningen.

Tone Edland (Sp) stilte seg mellom anna undrande til at turnus blei bruka som ei forklaring. Ho viste også til at politikarane tidlegare har justert opp ramma til eininga.

Bibbi Tveito (Sp) peika på at helse og omsorg er noko heilt anna enn dei andre einingane i kommunen.

– Det er ikkje snakk om å «ta nokon», men å finne løysingar saman, sa Tveito.

Øystein Høgetveit (SV) var, som dei andre, opptatt av å kunne lage eit budsjett dei som politikarar kunne vera trygge på.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sjølv om eg ynskjer så gode tenester som mogleg, er det me som har ansvaret for å lage eit reelt budsjett, sa Høgetveit.

Ordlyden i vedtaket blei: «Formannskapet ber om eit dialogmøte med eininga, og at det før møtet blir laga eit kort notat med oversikt over dei viktigaste problemområda og framlegg til løysingar».

Både rådmannen og helse- og omsorgsleiaren helsa initiativet frå formannskapet velkomen.

Tiltak i 2017

Parallelt med arbeidet med å finne det rette utgangspunktet til budsjettarbeidet for 2018 er det sett i gang strakstiltak. Tiltaka rettar seg i stor grad mot tenesteområdet for funksjonshemma. Det er her det er vurdert at potensialet er størst, og utan at det skal gå utover tilbodet til brukarane.

– Det er inngått avtale med eit firma for å sjå på «optimalisering av inntekter for ressurskrevjande tenester». Dette gav 3 millionar kroner i meirinntekter i 2016, og vil auke med ytterlegare ein million i 2017 og 1,2 millionar i 2018.

– Turnusen blir lagt om for delar av brukarane. Det blir innført langvakter. Dette vil redusere behovet for småstillingar i helgene monaleg, og vil også vera ei fagleg forsvarleg løysing. Omlegginga kan bli effektuert alt i månadsskiftet april/mai. Totalt vil det bli redusert fem årsverk i tenesta (ei innsparing på 2,5–3 millionar kroner).

– Det blir slutt på ordninga med bonus til ferievikarar som bind seg til samanhengande arbeid gjennom sommaren. Den økonomiske effekten er på 250 000 kroner. (Bonus for fast tilsette som tek på seg ekstra vakter i ferien blir behalde.)

– Overtidsbruk skal reduserast med 1 million kroner frå 2,2 millionar i fjor. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje realistisk med innsparing på avdelingane Vinje sjukeheim, heimetenestene i Øvre Vinje (inkludert Norheimstunet), heimetenestene på Rauland (inkludert Rauland omsorgssenter) og heimetenestene i Åmot.

Andre utfordringar: Krava til kommunale legetenester aukar, og vil auke ytterlegare. Kravet til bakvakt for legevakt gjev nye utgifter.