Buplikt som løysing på bustadmangel
I Vinje er det ikkje buplikt for nær slekt som overtek ein bustad, eller i hus som ikkje har vore bruka som bustad tidlegare. No skal politikarane vedta om dei vil innføre buplikt også i desse tilfella, for å motverke bustadmangelen i sentrale delar av kommunen. God bustadpolitikk, meiner nokon. Eit steg i feil retning, meiner andre.
Torsdag bestemmer Vinje kommunestyre om dei vil stramme inn buplikta, og ikkje la nær slekt overta bustader utan buplikt.
I Vinje kommune har ein buplikt når ein overtek eller kjøper eit bustadhus. Unntaket er dersom ein arvar bustaden frå nokon i nær slekt. Då kan ein overta bustaden utan å busetje deg der , så sant det ikkje er ein landbrukseigedom av ein viss storleik. Mange bustadhus i Vinje blir difor bruka som fritidsbustader eller står tome.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kommunen har høve til å fjerne dette slektskapsunntaket ved å endre forskrifta, og det er ei slik endring kommunestyret skal ta stilling til torsdag.
Målet med å ta opp saka var at me ynskte å lyfte debatten opp i kommunestyret. Saka er såpass viktig at me meiner eit samla kommunestyre må ta stilling til ho, seier Tone Edland (Sp), leiar i plan- og miljøutvalet, som har hatt saka oppe til behandling tre gonger.
Bustadmangel
Edland understrekar at saka kjem fordi det er stor mangel på bustader å leige eller kjøpe i den populære hyttekommunen.
Unge folk som har lyst til å prøve å flytte hit får ingen stad å bu, fordi stadig fleire bustadhus står tomme eller blir bruka som hytter. Dei vil sjølvsagt ikkje byggje seg hus når dei ikkje veit om det er her dei vil bu i framtida. Problemet med bustadmangel er aller størst på Rauland, seier Edland.
Eit argument for å stramme inn buplikta, er at ein ikkje treng å bu der sjølv.
Ein står fritt til å velje om ein vil bu der sjølv eller leige det ut som heilårsbustad. Slik sett er det ingen som blir tvinga til å bu der sjølv om dei arvar eller kjøper ein bustad, seier Edland.
Berre eitt innspel
I september blei forslaget om innstramming lagt ut på høyring. Det einaste offisielle innspelet som har kome, er frå Rauland bygdekvinnelag. Dei meiner unntaket bør fjernast, slik at bustadhus ikkje kan bli bruka som fritidsbustader. Edland er overraska over at ikkje fleire har kome med innspel, og at det einaste innspelet som kom, støtta framlegget om å stramme inn. Ho trur det vil bli diskusjon om saka i kommunestyret, og er klar på at ho ser det er mange sider av ei slik sak.
I planutvalet stemnte fem av sju for å fjerne slektsskapsunntaket, slik at det blir buplikt i bustadhus uansett om ein arvar dei frå far, mor, sysken, tante eller onkel. Svein Ekre (Ap) kom med framlegg om å halde fram med dagens ordning, men framlegget hans fall med Ap sine to røyster.
Artikkelen held fram under annonsen.
Meiner buplikt er ei dårleg ordning
Fleire meiner ytterlegare innstramming av buplikta er eit steg i feil retning, og at bustadprisane blir kunstig haldne nede med dagens bupliktsystem.
Advokat Joakim Stensland i Stensland&Co representerte no avdøde Peder Pedersen, som lenge prøvde å selje huset sitt i Særensgrend, fordi han ynskte å flytte ut av Vinje. Det viste seg å vera vanskeleg, fortel Stensland, som har eigedomsmekling som sitt primære arbeidsfelt.
Pedersen følte han fekk dårleg utbytte av å selje huset sitt når han ikkje kunne selje det som fritidsbustad. Ved å selje det som hytte ville han truleg fått mykje meir for huset. Men ved å selje det som bustadhus ville han ikkje fått det som tilsvarar teknisk takst altså kva huset faktisk er verdt. Han måtte legge seg langt under denne verdien, og hadde dermed ikkje moglegheit til å skaffe seg ny bustad ein annan stad, fortel Stensland.
Han har fått mange signal frå andre som også meiner at heile bupliktordninga er dårleg bustadpolitikk at det bidreg til å halde prisane på bustadhus kunstig langt nede. Då er ei ytterlegare innstramming av reglane lite populært.
Buplikt fører til at færre byggjer hus, fordi dei veit dei ikkje får att det huset er verdt dersom dei ynskjer å selje det. Ingen ynskjer å kaste vekk pengar. Så då byggjer dei heller i ein annan kommune, seier Stensland.
Motstandarane av buplikta set liten pris på det dei meiner er forskjellsbehandling.
Dei ser på det som urettferdig at nokre få grunneigarar skal få alle fordelane av turistutbygginga i kommunen medan andre, som sit på eigedomar utanfor hyttefelta, ikkje får høve til å delta i den marknaden. Viss ein hytteeigar ynskjer å betale 3,5 millionar for ei leilegheit i eit hyttefelt, finst det garantert også nokon som vil betale 3,5 millionar for ein fritidseigedom som ligg fint til for seg sjølv, seier advokaten.
Stensland, som har kontor på Rauland og eigedomsrett som eit hovudarbeidsområde, understrekar at det ikkje er vanskeleg å selje sentrumsnære bustader. Men bustader som ligg grisgrendt til utanfor sentrum, slik svært mange hus i Vinje og Vest-Telemark gjer, er mykje vanskelegare å selje som heilårsbustader, i fylgje advokat Stensland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er færre og færre unge som ynskjer å etablere seg på slike stader, seier han, og legg til:
Det å stramme inn på ei buplikt som gjer at folk ikkje vil flytte til kommunen i utgangspunktet, verkar bakvendt for mange.