Administrerande direktør Arne Rørå i skogbruksforeininga Norskog har klage buplikta inn for EØS-avtalas overvakingsorgan (ESA) i Brussel. Han håpar den norske buplikta blir funne ugyldig og at regjeringa må gjere endringar.
Administrerande direktør Arne Rørå i skogbruksforeininga Norskog har klage buplikta inn for EØS-avtalas overvakingsorgan (ESA) i Brussel. Han håpar den norske buplikta blir funne ugyldig og at regjeringa må gjere endringar.

Buplikta klaga inn til Brussel

Skogbruksforeininga Norskog har klaga inn buplikta for EØS-avtalas overvakingsorgan (ESA) i Brussel. Telemark Bondelag frykter buplikta kan stå for fall.

Tidligare i år ble krav om buplikt i eit tilfelle i Østerrike kjent ugyldig som fylgje av ein dom i EU. Domen stadfestar at landareal er kapital og at buplikt hindrar fri flyt av kapital innafor EØS-området. Buplikt fører til at blir det mindre attraktivt å kjøpe eigedomen og dermed blir flyten av kapital stansa.

På bakgrunn av domen har Norskog klaga inn den norske buplikta for ESA i håp om at den også skal bli funne ugyldig.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ynskjer seg fleire heiltidsbønder

– Prisregulering og buplikt øydelegg for dei som ynskjer å leve av skogsbruksnæringa. Dagens maskiner gjer at skogeigarar kan forvalte større eigedomar enn tidligare. Men skogeigarar får ikkje lov til å pendle mellom to eigedomar fordi dei blir pålagt buplikt, seier administrerande direktør Arne Rørå i Norskog.

Han er også bekymra for kunnskapen i skogbruket med så mange hobbybønder, og ynskjer seg fleire heiltidsbønder. Men leiar Steinar Straume i Telemark Bondelag ynskjer seg tvert imot fleire deltidsbønder.

– I fylgje tidlegare landbruksdirektør Henry Mæland står det hundrevis av folk i kø for å kjøpe småbruk. Desse menneska må vere flinke til å finne seg arbeid utanom garden som let seg gjere å kombinere med buplikta, seier Straume.

Han foreslår nisjeprodukt som heimelaga matproduksjon, gardsturisme, utleige av jaktterreng og hytter.

Straume vedkjenner at det ikkje er mange pengar å tene på dei ovannemde forslaga.

– Sal fører til positive ringverknader

Straume fryktar at dersom buplikta forsvinn kjem pengesterke folk til å kjøpe opp dei tome gardane.

– Men det er betre at eigedomane blir kjøpt opp av folk med pengar enn at dei skal stå tome, understrek han.

Dette er også Rørå einig i. Han meiner sal av slike eigedomar vil føre til positive ringverknader for lokalsamfunnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Snikkarar vil få arbeid og kjøpmennene vil få auka inntekter. Dessutan vil det bli lys i vindaugo i helgene og i feriane, seier Rørå.

Vil ha dyrare matvarer

Straume understrekar at Telemark Bondelag held fast at buplikta skal vere personleg. Han meiner buplikta fører til at verdiskapinga blir att i kommunen sidan eigaren blir tvinga til å bu på eigedomen. Men Straume er bekymra over at verdiskapinga i distrikta blir mindre og mindre. Han oppfordrar styresmaktene til å føre ein annan politikk som gjev auka inntekter for bøndene slik at dei kan fortsetje å bu i distrikta.

– Me må ha høgare matvareprisar slik at bøndene får meir att for produkta sine. Eg veit at den norske forbrukar vil stø dette forslaget og er villige til å betale meir for maten, uttaler Straume, som fryktar auka konkurranse frå utlandet når det gjeld billegare matvarer.

Rørå trur ikkje tvang om bustad er løysinga for distrikta. Han meiner distrikta treng fleire arbeidsplassar folk kan leve av.

– Buplikta fører berre til at folk soner dei fem åra sine og så reiser dei, seier Rørå.