Bygdekinoen

Bygdekinoen viser desse filmane

Fyresdag 1. september:

Artikkelen held fram under annonsen.

Biler 3 og Baby Driver

Seljord 3. september:

Biler 3 og Lucky Logan

Vinje 4. september:

Biler 3 og Lucky Logan

Biler 3

Ein storm er på veg...

Fest setebeltet og gjer deg klar for fart og masse action i det me vender attende til Biler-universet ulikt noko du tidlegare har sett!

Pixar, studioet bak Oppdrag Dory og Innsiden Ut, gjev oss intensitet og spenning på og utanfor racerbanen i Biler 3.

Artikkelen held fram under annonsen.

I denne fartsfylte filmen ser me ei ny bølgje av neste generasjons high tech racerbilar innta Piston Cup. Leia av ein sleip utfordrar blir den legendariske Lynet dytta stadig lenger bakover i feltet. I den tøffe konkurransen må Lynet McQueen finne nye allierte for å hente inspirasjon. Greier han å finne mot i seg sjølv til å gjere comeback på den største scena for bilracing?

Logan Lucky

Steven Soderbergh, regissøren av Ocean's Eleven, Ocean's Twelve, Ocean's Thirteen og Magic Mike er attende med ein herleg kuppfilm full av action, humor, raske bilar og store stjerner.

Brørene Jimmy (Channing Tatum) og Clyde Logan (Adam Driver) prøver å reversere ei forbanning som har ligge over familien deira i all tid. No skal dei endeleg bli rike ved å utføre eit forseggjort kupp under det legendariske NASCAR-løpet «Coca-Cola 600» på Charlotte Motor Speedway.

Baby driver

Regissøren Edgar Wright (Shaun of the Dead, Hot Fuzz) står bak årets kulaste filmoppleving, Baby Driver. Filmen har 100% score på Rotten Tomatoes og blir hylla av kritikarane som den perfekte blandinga av komedie og heftig action.

Den unge sjåføren Baby (Ansel Elgort) kjører fluktbilane for byens mest hardkoka forbryterliga. Han er eit naturtalent bak rattet og har eit eige favorittsoundtrack på øyra til kvart kupp. Men når han møter servitrisa Debora (Lily James) oppstår det søt musikk på ein heilt ny måte for Baby. Problemet er at han sit i djup gjeld til overhode til gjengen, Doc (Kevin Spacey), som nektar å løsne på jerngrepet. Baby bestemmer seg for å vera med på eit siste brekk før han rømmer med Debora, men planen slår katastrofalt feil. Den einaste utvegen Baby har nå for å redde situasjonen er å gje bånn gass.