Bygger idrettshall til seks millionar
Pinslerørsla i Telemark byggjer fleirbrukshall ved kurs- og leirstaden i Fyresdal. Dermed ligg det godt an til at staden får endå fleire årlege overnattingsdøgn enn talet på 8600 i fjor.
Pinslerørsla i Telemark overtok det tidlegare hotellet i Fyresdal 1. januar 2012 og etablerte kurs- og leirstad der. I desse dagar blir det reist eit stort bygg mellom eksisterande bygningsmasse og fylkesvegen.
– Den fyrste idrettshallen i Fyresdal, seier dagleg leiar Jostein Waskaas ved kurs- og leirstaden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Pinslerørsla har behov for ein fleirbrukshall ein kan bruke til mellom anna konsertar og forsamlingar, og nybygget på totalt 800 kvadratmeter kan ha opptil 500 sitjeplassar. Vidare er planen at ein kan spele handball, volleyball og fotball i hallen, og opne for treningsleirar innan sportsgreiner.
– Med hallen opnar det seg moglegheiter, seier Waskaas.
Heilårsdrift
Bygget er ein stålhall som blir fullt isolert og kan brukast til heilårsdrift. Han skal stå ferdig til påske.
Lokale arbeidarar i Fyresdal har tatt seg av støypinga og har rørleggarjobben. Eit firma frå Hallingdal leverer hallen ferdig.
Ein har klart å få kostnaden på bygget ned i 6 millionar kroner. 2,6 millionar av dei er pengar gjeve frå pinserørslene rundt i Telemark.
Folk legg att pengar
Waskaas fortel at kurs- og leirstaden har hatt veldig bra med folk, men det er ledig kapasitet i vekene. I haustferien er 120 personar på leir der, og symjeklubben Poseidon i Porsgrunn har brukt staden til treningsleir og nytta den gode symjehallen ved Gimle skule i bygda. For fire veker sidan var 40 studentar frå Sirdal vidaregåande skule på leirstaden for å trene langrenn på asfaltvegar og skiskyting i anlegget på Veum.
– I fjor hadde me 3500 ulike menneske som stod for 8600 overnattingsdøgn. Det talet er me kjempefornøgde med, og bygda jublar også. Folk legg att pengar, seier Waskaas.