Sist det var dyr og busetjing på Songedalstveiten i Fyresdal var tidleg på 1970-talet. Anne Ingunn Hanserud, Hans Kristian Jørgensen og dottera Ingrid Christine steller no opp garden, og har byrja med både sau og telemarksku.
Sist det var dyr og busetjing på Songedalstveiten i Fyresdal var tidleg på 1970-talet. Anne Ingunn Hanserud, Hans Kristian Jørgensen og dottera Ingrid Christine steller no opp garden, og har byrja med både sau og telemarksku.

Byggjer opp lønsam gard

Anne Ingunn Hanserud og Hans Kristian Jørgensen har slått seg ned på Songedalstveiten i Fyresdal. Dei er i full gang med å gjere garden lønsam.

Den 7 500 dekar store garden Songedalstveiten ligg sju kilometer vestover frå fylkesvegen ved Veum i Fyresdal, og høyrer til Fjellgardane. Sidan 1970-talet har våningshuset blitt bruka som feriebustad, mellom anna av Anne Ingunn Hanserud. Ho var ei tid ein av fire eigarar av garden.

I 1912 budde tippoldemora hennar, Gunhild Songedalstveiten, på garden. 100 år seinare flytta Anne Ingunn Hanserud, Hans Kristian Jørgensen og dottera Ingrid Christine frå Aurskog i Skogn til Songedalstveiten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Der me budde var det 2,5 mil til butikken. Her er det bare 2 …, seier Hanserud med eit smil.

– Me visste ikkje kva me gjekk til, men me storkosar oss i ein kommune med mellom anna veldriven barnehage. Eg håpar folk i Fyresdal veit kor bra dei har det, held ho fram.

Fjellprosjekt

– Og så har me ein veldig god nabo, legg Hans Kristian til, og siktar til Per Helge Seltveit på Tortveit noko nærare fylkesvegen. Båe har no inne søknader som gjeld å satse på telemarkskua. Seltveit har drive med telemarksku i det små sidan 2008. Han og kona Siv har no åtte av denne rasen, der fem ventar kalvar.

– Me vil vere med og ta vare på rasen, seier han.

På Tortveit er det også 13 vinterfôra sauer.

Eigarane av Songedalstveiten og Tortveit fekk i fjor høvevis 150 000 og 125 000 kroner av eit fjellprosjekt til investeringar i telemarkskyr og landbruksnæringa. No ventar båe på svar frå Innovasjon Noreg om tilskot derfrå også.

Byggje om fjøset

Jørgensen har drive jordbruk før han busette seg i Fyresdal. I det gamle fjøset har han førebels to telemarkskuer, og får snart fire av rasen frå garden til Seltveit. Sist november blei det sauedrift på Songedalstveiten.

– Kor mange vinterfôra sauer har du?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er stridt … Åtte, svarar Jørgensen og ler.

Planen er å byggje om heile fjøset til å kunne ha rundt 90 vinterfôra sauer. Vidare er tanken å byggje nytt fjøs til telemarkskyr.

– Men då må eg ha hjelp av Innovasjon Noreg, seier bonden.

Han er godt i gang med å byggje opp jordbruket slik at garden blir lønsam.

– Kva skal du med ein gard om du ikkje driv han, seier Jørgensen.

Han er også oppteken av at garden skal vere interessant og lønsam for dottera å overta.

På eigedomen er det gjennomført storhogst for å få kapital.

– Det kostar å restaurere eit hus med fasilitetar som før krigen, seier Jørgensen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Medan han har fullt med arbeidsoppgåver på garden, har Hanserud 80 prosent stilling som lærar på skulen i Fyresdal.

– Det er så mykje å ta vare på her på Songedalstveiten at ein må bu her. Så fort eg såg det var noko ledig jobb i Fyresdal, søkte eg. Eg fekk stilling som lærar, seier ho nøgd.

– Hadde me ikkje flytta hit, hadde dette framleis vore ei jakthytte, avsluttar Hanserud.