Det er ikkje kvar dag ein 26-åring frå Høydalsmo står på sigerspallen med to av verdas aller beste skiløparar. (Alle
Det er ikkje kvar dag ein 26-åring frå Høydalsmo står på sigerspallen med to av verdas aller beste skiløparar. (Alle

Byggland rykte – slo Northug, Iversen og Sundby 

Ånund Lid Byggland viste svært lovande takter i Kristiansand laurdag. Like før mål rykte høysekken og mange verdsstjerner måtte gje tapt.

Kristiansand rulleskifestival hadde verkeleg slått på stortromma då dei inviterte til sitt fyrste rulleskirenn midt i byen. Petter Northug, Martin Johnsrud Sundby, Niklas Dyrhaug og Emil Iversen er ikkje langt frå å vere dei største profilane både nasjonalt og internasjonalt. 

Men i gatene like rundt festivalen Palmesus fekk stjernene beinhard kamp frå ein 26-åring frå Høydalsmo som verkar å vere tilbake i god gamal form. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjekk ut fire sekund bak Northug

– Det her var ein skikkeleg sjølvtillitsboost. Deilig å vise at eg framleis kan hamle opp med dei beste, seier Byggland til VTB dagen etter. 

Rulleskirennet var bygd opp med ein prolog som skulle gje utgangspunkt for ein 10 kilometer lang jaktstart i klassisk stil. Ånund Lid Byggland plasserte seg som nummer fire og gjekk ut fire sekund bak Northug og Niklas Dyrhaug. Sistnemnte fekk etter kvart ei luke og vann rennet ganske klart. Men bak han blei det dramatisk. 

– Då det var litt over ein runde rykka eg frå gruppa eg låg i. Eg følte meg sterk og klarte å gå i frå. Det er eg veldig fornøgd med, dei er ikkje akkurat kven som helst. 

Petter Northug og Emil Iversen nærma seg mot slutten, men rykket Ånund Lid Byggland sette inn på den nest siste runden var nok til å ta andreplassen.
Petter Northug og Emil Iversen nærma seg mot slutten, men rykket Ånund Lid Byggland sette inn på den nest siste runden var nok til å ta andreplassen.
I Kragerø fredag tok Torgeir Lid Byggland sigeren framfor storebror Ånund på 100 meter i Kragerø by. På start var dei fleste langløparane, blant anna tidlegare toppsprintarar som John Kristian Dahl og Johan Kjølstad. 
I Kragerø fredag tok Torgeir Lid Byggland sigeren framfor storebror Ånund på 100 meter i Kragerø by. På start var dei fleste langløparane, blant anna tidlegare toppsprintarar som John Kristian Dahl og Johan Kjølstad. 

Me kan ikkje skulde han for å overdrive. Iversen har tre verdscupsigrar, medan Northug og Sundby neppe treng noko meir presentasjon. Byggland plasserte seg til slutt som nummer to, bak Dyrhaug, men framfor Northug, Iversen og Sundby som fylgde på plassane bak.

På veg tilbake til toppen

Trenar i Team Telemark, Jostein Hestmann Vinjerui frå Rauland, meiner 2. plassen viser at Byggland kan vere på veg tilbake på nivået han var på da han tok NM-sølv i 2013. 

– Dette var utruleg sterkt av Ånund i kamp mot så sterke løparar. Dei fire kan jo bli stafettlaget i OL neste år. Det viser jo i alle fall at han har tatt eit stort steg på same tid i fjor. Me trur han kan kome tilbake på det nivået han har vore på sitt beste til vinteren. At han har farta til å rykke frå denne gjengen er iallfall eit godt teikn på det, meiner Vinjerui. 

Om eldstebror Byggland skal ha noko som helst sjanse til å gjere det same til vinteren, må han legge ned ein knallhard innsats resten av sommaren og hausten. I år er han topp motivert for akkurat det.

– Motivasjonen har eigentleg blitt betre og betre sidan starten i vår. Forma kjennes bra ut nå, men eg må ikkje miste hovudet. Eg skal halde meg til planen eg har lagt, og ikkje bli for ivrig. Det er eit halvt år igjen av oppkøyringa igjen, men det er fint å få eit teikn på at eg ligg greitt an, seier Byggland.  

Artikkelen held fram under annonsen.

Dobbelt i Kragerø

Og ikkje berre blei han nummer to i Kristiansand. Dagen før blei det andreplass også i Kragerø, og då blei det like godt dobbeltsiger til skibrørne Byggland. Yngstebror Torgeir vann sprinten over 100 meter framfor Ånund, og lagkompis på Team Telemark, Sivert Knotten. Vinjerui er full av beundring over toppfarta til Torgeir, men veit han har ein del å gå på når distansen blir lengre.

– Han er utruleg rask på 100 meter, men han har 1400 meter til å trene opp da. Om Torgeir hadde satsa på å bli verdas raskaste på 100 meter kunne han heilt sikkert blitt det, men en det er ikkje målet hans. Han har ein jobb å gjere i sommar og han veit sjølv kva som skal til for å lykkast. Det fysiske talentet, rammene og ressursane rundt han gjev han god moglegheit for det, seier Vinjerui.

Neste: Toppidrettsveka

Eldstebror Byggland ser på årets oppkøyring som «nå eller aldri». Han skal gå all-in på klassisk sprint og er ærleg på at det kan bli siste vinteren som skiløpar.

– Eg prøvar å vere kynisk og prioritere ganske hardt. Om eg ikkje får noko særleg løft frå i fjor kan det nok vere siste sesongen. Resultata nå betyr ikkje så mykje i seg sjølv. Men det var ei god hardøkt og gjev god sjølvtillit for treninga framover, seier han.

Nå blir det ein del trening på heimebane i Høydalsmo for brørne før neste samling på Gaustablikk i august, og neste rulleskirenn i Toppidrettsveka seinare same månad.