Campar i «Waldelandsgatå» for ellevte år på rad
Seljordfestivalen er i full gang, og torsdag morgon hadde det alt kome 2 000 festivalgjester og og slått seg til ro på campingen. Blant dei fann me ein stor gjeng frå Jæren – som alltid bestiller plass på neste års festival idet dei forlét årets.
– Nokon av oss har vore her kvart år sidan 2006, seier Mia Waldeland.
Ho og mannen Helge har fått «campinggata» dei bur i oppkalla etter seg. Venene kallar dei berre for «sjefane». Ekteparet planlegg og arrangerer nemleg kvart år at ein stor venegjeng frå Jæren skal få ei god festivaloppleving saman. Dei mange venene stortrivst i kvarandres selskap, og gler seg alltid til å returnere til Seljord.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me bestiller alltid for neste års festival når me reiser herfrå, seier dei med eit smil.
Grunnen til at dei alltid kjem tilbake til festivalen år etter år er enkelt og greitt at dei storkosar seg der.
– Musikken er så bra. Ein har alt ein treng samla på eitt område, og så er det veldig sosialt å vera her, seier Mia.
– Kva er dei beste musikkminna frå festivalane de har vore på, då?
– Rune Rudberg var stort. Smokie likar eg godt, seier Helge.
– Creedence er min favoritt, seier Mia.
Morgonklemmar og bålpanner
Her tek gjengen det heilt med ro, det er den faste ferien som blir sett fram mot kvart år. Dei slappar av i finvêret, et god mat og vandrar av og til ein tur bort på puben.
I den lange gata er stemninga særs god, sjølv tidleg om morgonen etter ein sein kveld. Dei er av typane som går rundt og gjev kvarandre det dei kallar for «morgonklemmar».
Artikkelen held fram under annonsen.
– Du hadde ikkje fått morgonklemmen din i dag, kom eg på, seier Nils Bakker til Mia med armane godt planta rundt ho.
– Me er ein blanda gjeng, det er litt slekt og litt veners vener. Det er veldig koseleg, seier Mia.
Dei andre nikkar. Det utløyser småprat og mimring rundt i campingstolane.
– Me snakka akkurat om det i dag, faktisk – kor flinke dei er til å arrangere og stelle til her. Det er reint, ryddig og ordentleg, seier Mia.
– Det blir faktisk stille rett etter at musikken er ferdig i eitt-tida. Det er fredeleg og godt, legg Helge til.
– Ja, etter underhaldninga kvar kveld samlast me rundt bålpannene her i gata og grillar pølser, seier Mia.
Ekteparet er også samde om at Seljordfestivalen har lagt opp eit veldig variert og spennande program i år, med mykje god musikk og artige utflukter.
Egil Moen i festivalleiinga spår torsdag like besøkstal som i fjor, og fortel at heile 2 000 gjester har plassert seg på campingen alt.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me ventar om lag 1000 gjester til på campingen, elles er det dagsbesøkande. Der trur me at me vil ende på eit tal nokså likt det i fjor – 15 000 besøkande totalt, seier Moen.