– Festivalane er utruleg bra for Seljord. Mange arbeidsplassar blir sikra, også i andre bransjar enn handelsnæringa, påpeikar Katerina Toro, leiar i Møtestad Seljord, som er sekretariat for Seljord næringslag. Bak henne står innehavar av Meny-butikken på Telesenteret, Kai Teigen, og medeigar i Seljord Elektriske, Ole Tufte.
– Festivalane er utruleg bra for Seljord. Mange arbeidsplassar blir sikra, også i andre bransjar enn handelsnæringa, påpeikar Katerina Toro, leiar i Møtestad Seljord, som er sekretariat for Seljord næringslag. Bak henne står innehavar av Meny-butikken på Telesenteret, Kai Teigen, og medeigar i Seljord Elektriske, Ole Tufte.

Countryhandelen overstig jolehandelen

Aldri før har så mange pengar skifta eigar i butikkane i Seljord som i sommar. I Countryfestivalen blei det sett dagsrekord i omsetning både hjå daglegvarebutikken Meny og på Shell-stasjonen. Eigar av Meny, Kai Teigen, fortel at det no blir seld for meir i countryveka enn i joleveka. Og ingen andre Shell-stasjonar i fylket har nokon gong hatt så stor omsetning som seljordavdelinga hadde sundag i Countryfestivalen.

– Festivalane er utruleg bra for Seljord. Handelen går bra, og mange arbeidsplassar blir sikra. Det gjeld også arbeidsplassar i tenesteytande næringar, understrekar leiar av Møtestad Seljord, Katherine Toro.

Seljord har i fleire år vore den kommunen i fylket som har størst handelsomsetnad pr. innbyggjar. Den posisjonen ser det ut til at er styrka etter sommarens storinnrykk av festivalgjester. Ikkje uventa er det i daglegvarehandelen festivalinnrykket merkast best. Butikkinnehavar ved Meny-butikken på Telesenteret, Kai Teigen, fortel om rekordstor vekesomsetning.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I Countryfestivalen passerte butikken for fyrste gong den magiske grensa på 1,5 millionar kroner i vekesomsetning – ei større omsetning enn butikken hadde siste veka før jol, fortel han.

Ringverknadar

Årets auke er i tråd med utviklinga dei seinare åra. Frå 2001 til 2004 auka handelen hjå Meny i dansebandveka med 36 prosent, i countryveka med 67 prosent og i dyrskuveka med 55 prosent.

– Men også august månad syner ein relativt stor auke. Det trur eg har å gjera med ringverknadar av det som skjer på Dyrskuplassen. Det viser at tilreisande likar seg her, og kjem tilbake, meiner Teigen, som også fortel at festivalomsetninga tryggjer ein ekstra arbeidsplass i butikken resten av året.

Også ICA-butikken, som ligg lengst vekk frå Dyrskuplassen, melder om gode festivaltal. Toro, som er sekretær for Seljord næringslag, fortel at under Dansebandfestivalen i sommar var omsetninga på ICA 50 prosent større enn i ei vanleg helg. I Countryfestivalen var omsetnaden større, då låg han mellom 60 og 70 prosent høgare enn ei vanleg helg, i fylgje sekretæren.

Korleis tala er for Rimi-butikken er ikkje kjent; butikkjeden gjev ikkje opp omsetningstal. Men butikksjef Ellen Næssen stikk ikkje under ein stol at festivalane bokstaveleg talt er god butikk.

– Me er veldig, veldig godt fornøgde. Dei tilsette synest også det er gøy å arbeide under festivalane. Alle kundane er i godt humør, og det er svært sjeldan det er noko tull, seier butikksjefen.

– Dansebandfolket har god tid

Kremmarane understrekar at skilnaden mellom publikumet på Danseband- og Countryfestivalen er stor. Erfaringa er at pengane sit mykje lausare hjå countrygjestene. Til gjengjeld er mange fleire av dansebandfolket på shopping i sentrum. Det nyter særleg detaljhandelen godt av. Seljord Elektriske er ikkje noko unntak.

– Dansebandhelga er veldig triveleg, då er det mykje folk i sentrum. Dei som er her har god tid og går og kikkar. Det gjev eit lyft i omsetninga, seier Ole Tufte, som fortel at det den helga blei betalt 15 prosent meir kontant i kassa enn helga etterpå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Slik er det ikkje i countryfestivalhelga.

– Då er det heller færre folk i sentrum. Men det som er viktigare for oss er rolla som underleverandørar til det som skjer på Dyrskuplassen, seier Tufte, som understrekar at han er positiv til festivalane.

Dei tri representantane for handelsstanden på Brøløs tek også med dei mindre tilstellingane på Dyrskuplassen, som til dømes Maran Atas Landsstemne og Korsveifestivalen, som viktige for bygda.

– Til saman genererer Dyrskuplassen 150.000 personar i året. Det gjev store ringverknadar for langt fleire enn handelsnæringa, minner Kai Teigen om.

– Eventyrleg festivalsal

Sundag i Countryfestivalen selde den døgnopne Shell-stasjonen i Seljord i gjennomsnitt ein pølsemeny i minuttet. Då går det heftig føre seg.

Festivalane på Dyrskuplassen er ei gullgruve også for Shell-stasjonen. Aldri før har dagsomsetninga på stasjonen vore så høg som sundag i Countryfestivalen. Ein aldri så liten Telemark-rekord blei også sett. Ingen av Shell-stasjonane i fylket, heller ikkje dei store som ligg ved E 18, har nokon gong nådd opp i ei dagsomsetning på nær 320.000 kroner, som Seljord-avdelinga gjorde denne dagen.

– Det toppar seg skikkeleg under festivalane. I køntrien var det heilt Texas her, seier butikksjef Ole Johnny Lid, beskrivande nok.

På ein dag selde butikken 1.300 pølsemenyar (pølse og drikke red. mrk.).

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då går det heftig føre seg. Tri rullegrillar og tri steikeplater går fulle heile tida. Med 3.000 betalande kundar på ein dag, i tillegg til alle dei andre som var inne i butikken, seier det seg sjølv at dei tilsette hadde nok å gjera, smiler Lid, som skryter av innsatsen til dei bak disken.

Han omtalar årets festivalsal som eventyrleg, og opplyser at omsetninga i år ligg mellom 10 og 15 prosent høgare enn i fjor.

I festivalmånaden juli hadde Shell-stasjonen 45.000 betalande kundar innom dørene – 10.000 fleire enn alle som bur i Porsgrunn.

– Og no er det snart Dyrsku’n, hintar den storfornøgde butikksjefen smilande.