D-dag for Hallbjønnsekken

16. november mottok sakshandsamar Olav Bjørn Bakken og Tokke-ordføraren ein e-post frå kjøparane av Hallbjønnsekken. Der skriv kjøparane at tida er inne for å «skjære igjennom.» I dagens kommunestyremøte skal politikarane avgjere senterets vidare skjebne.

«Viser til særdeles hyggelige møter og telefonsamataler, senest for et par dager siden med ordfører og Gaastjønn. Viser også til mail fra Olav Bjørn Bakken i går. Tiden er inne for å skjære i gjennom. På grunn av den politiske behandlinga, har vi holdt dagens eiere på «pinebenken» så lenge at deres velvilje og tålmodighet er i ferd med å bli brukt opp. Vi hadde ventet, ut fra de signalene vi hadde fått, at det ville bli gjort et vedtak i formannskapet 13.11. Det ble jo dessverre bare en drøfting, som etter vår mening ikke førte oss så mye nærmere en endelig avtale.»

Hastar

Slik er innleiinga i e-posten, og ho seier noko om at kjøparane ynskjer å gjennomføre handelen slik at vintersesongen kan bergast. Det er også i tråd med politikarane i Tokke sine ynske.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Slik vi oppfatter det, er avtalen i ferd med å få et omfang og en form som minner om det ønsket vi presenterte på det første møtet med formannskapet. Vi forstår at dere har et sterkt behov fort å unngå diskusjoner omkring avtalen og juridiske problemer i ettertid, men jeg forstår at dette er i ferd med å bli ryddet av veien. For oss er det viktigste at avtalen er godt forankret i det politiske miljøet, vi skal jo ha et utstrakt samarbeid videre. Alle disse juridiske spissfindighetene vil vi holdes utenfor, og slettes ikke ha noe som helst økonomisk ansvar i den sammenheng senere,» står det vidare.

Mykje dialog

– Det har vore mange e-postar att og fram mellom oss og kjøparane. Når dei viser til ei avtale, er det i realieten dialogen om kva som skal til for å lande ei framtidig salsavtale dei meiner, seier sakshandsamar i Tokke kommune, Olav Bjørn Bakken.

– Kven har lagt føringane i denne dialogen?

– Eg har nok oppfatta at det er takstutvalet som har gjort den største jobben etter mandat frå formannskap og kommunestyre. Når det gjeld dei konkrete vilkåra er det leiar av takstutvalet, Tarjei Gaastjønn, og ordføraren som har vore mest involvert. Så har vilkåra i heilskap blitt presentert for takstutvalet. Det har vore dialog mellom mange partar, og ordføraren har vore veldig oppteken av å ha ryggdekning for det ho har gjort og sagt i denne saka. Og då er det med utgangspunkt i kva formannskap og kommunestyre har ynskt, svarar Bakken.

Opp til politikarane

– Hadde forhandlingane med dei som no har kjøpt anlegget kome så langt at det var for seint å snu?

– Det har blitt lagt ned mykje arbeid, men no er det opp til kommunestyret å seie ja eller nei til avtala, og eventuelt gjere endringar i avtala. Både formannskapet og kommunestyret har sagt ja til å få i gang drift i senteret, og då er det opp til oss å leggje best mogleg til rette for potensielle drivarar og kjøparar, fortel Bakken.

– Føler du det har vore ein open prosess frå kommunens side?

– I ettertid kan eg ta sjølvkritikk i høve til dokumentasjonar og arbeidsmåtar inn mot takstutvalet. Innkallingar har skjedd via sms og telefon, og referata frå møte i takstutvalet har ikkje blitt protokollført godt nok. Det har blitt mykje stikkordsform, og derfor kan det ha blitt misforståingar. Når det gjeld usemja i takstutvalet, oppfatta eg det slik at det faktisk var semje om alt berre ikkje den øvre delen av skitrekket. Det er beklageleg viss dette ikkje stemmer, men det er også verdt å merke seg at me har hatt eit tidspress på oss i prosessen, svarar Bakken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trur på sal

Praksisen i taktsutvalet i Tokke har vore at utvalet har vore samde om vilkår, men at utvalet så har gjeve utvalsleiaren fullmakt til å forhandle med motparten. Slik meinte Bakken det var i denne saka også.

– Det har vore praksis, men eg ser at dette burde vore protokollert slik at me hadde unngått problem i ettertid, forklarer han.

– Er denne e-posten på postlistene?

– Eg må vedgå at eg ikkje er à jour med å føre alle e-postane på postlista, heller ikkje denne du refererar til, svarar Bakken.

Bakken trur kommunestyret vil gå inn for salet av eigedomen i kommunestyremøtet i dag.

– Stiller strenge krav

Tokke-ordførar Hilde Alice Vågslid (Ap) meiner at avtala som kjøparane ved Johannes Kristiansen viser til i denne e-posten, er utkastet til intensjonsavtala.

– Det må sjølvsagt vere slik at båe partar må gje uttrykk for kva som er utgangspunktet for å få til ei avtale. Når dei viser til juridiske «spissfindigheter», er det altså utfordringa til oss som seljar å avklare juridiske sider av salet. Det har me ved hjelp av advokat gjort, og eg tør påstå at me stiller ganske harde krav til kjøparane, seier Vågslid.

Ein utanforståande takstmann vurderte marknadsverdien til 2 800 000 kroner med dei krava kommunen hadde stilt til kjøparane. Bodet frå kjøparane var om lag 1 600 000 kroner, medan takstutvalet har kome fram til ei kompromissløysing på 2 000 000 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Strenge krav gjev lågare pris

– Det er ganske vanleg praksis at prisen går ned når krava er strenge. Og så set me sjølvsagt krava for å sikre oss best mogleg, ikkje minst med tanke på å få aktivitet og drift i anlegget att, forklarer ho.

Ordføraren opplyser at ho ikkje har vore involvert i takstutvalets arbeid, men at ho har blitt informert undervegs av utvalsleiaren.

– Elles får avsendaren av e-posten sjølv stå for det som er skrive, og eg har ikkje svara konkret på denne. Eg håpar dette ordnar seg og at det blir drift i anlegget i vinter. Det er trist at ei i utgangspunktet så positiv sak, har blitt så belastande, avsluttar Vågslid.

Omfattande kommunikasjon

VTB har også fått tilgang til fleire e-postar mellom anna frå kommunen, som viser mykje av den omfattande og viktige kommunikasjonen som har gått føre seg i denne saka. Dei tek i stor grad føre seg problemstillingar og løysingsframlegg frå båe partar, og det tyder på at intensjonsavtala er eit kompromiss mellom partane. Slik det ofte er mellom kjøpar og seljar.

– Eg føler meg ganske sikker på at dette er så sterkt politisk forankra i kommunen, at det vil gå gjennom i dag. At det har blitt ein del støy rundt saka, vel eg å tru skuldast kommunikasjonsproblem og misforståingar. Me har valt å køyre ein open prosess heile vegen og presentert tankane og planane våre for formannskapet i Tokke. Intensjonsavtala har me hatt i to månader og det har vore finpussing og justeringar undervegs. No er me i hamn med det og alle avklaringar i høve til seljarane er også gjort. Me ynskjer sterkt å få aktivitet og drift i anlegget, seier Johannes Kristiansen, ein av kjøparane.