Dagens vesttele

Namn: Solveig Marie LieAlder: Nærmar meg åttiBur: På Moen i SeljordKva gjer du: Les, strikkar og ser på fjernsyn. Om sommaren steller eg i hagen.

Kva veit du om etternamnet ditt?

Det kjem frå Ligrend i Vinje. Far min kom frå Øvre Lid, og det var kjærleiken som førde han til Eidsborg. Mor mi og han møttest på dyrskuen på Dalen. Ho hadde garden Haugebu, der dei blei buande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har du vore i avisa før?

Ikkje sidan eg dreiv Momos boutique i Skoribygget på Brøløs.

Søk i VTB-arkivet syner at artikkelen stod på trykk i april 1991.

Er du glad i dag – kvifor?

Ja, eg er då det. Eg er glad fordi eg er frisk. Det er det viktigaste.

Er det ei hending som representerer eit vendepunkt i livet ditt?

Det har vore så mange omskifte i livet mitt.

Kva lengtar du heimatt til «etter fem år i Amerika»?

Artikkelen held fram under annonsen.

Me har alle røter, så svaret må vera vener og slektningar. Me er ikkje åleine.

Kven gjorde sist noko for deg som du sette pris på, og kva var det?

Då Ingrid og Vidar kom med masse frukt til meg.

Korleis ser du på heimbygda di?

Det er veldig flott å vera her!

Etter å ha budd mangeogtretti år på staden ser ho på Seljord som heimbygda si.

Har du eit godt sitat eller livsmotto du vil dele?

Det kostar ingenting å vera snill og grei. Og: Du har ikkje augo i bakhovudet. Det er fordi du ikkje skal sjå bakover.

Artikkelen held fram under annonsen.

Korleis er den typiske vesttelen?

Her finst alle avskygningar.

Kva vil draumeoverskrifta i Vest-Telemark blad vere i dine augo?

Senterpartiet skal styre i Seljord.