Dalen Hotel kåra til årets vertskap
Hotelldirektør Malin Jernberg og dei tilsette på hotellet på Dalen kan no kalle seg «Historic hotel host of the year 2018».
Prisen blei dela ut på Barberstown Castle i Irland måndag. Dalen Hotel var nominert som ein av tre finalistar. Dei kjempa mot to slott i Frankrike.
– Dette er ein pris me er kjempeglade og stolte over å ha blitt tildelt på grunn av symbolikken det medfører. Det viser at me har tilsette som er stolte, kunnskapsrike og interesserte i det å ha eit ansvar over, og å formidle den kulturen me forvaltar, seier hotelldirektør Malin Jernberg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Hotellet på Dalen er medlem av De historiske hotel og spisesteder Norge, som igjen er medlem av Historic hotels of Europe. Denne organisasjonen har meir enn 400 hotell fordelt på 12 ulike land. Det er hotellgjestene som har røysta fram hotellet på Dalen som vinnar.
– Det viser at me har kome eit godt stykke på vegen dit me vil med vertskapet vårt, og det gjer meg veldig glad og audmjuk, seier Jernberg.
Det blei dela ut totalt åtte prisar i like mange kategoriar.
I tillegg til hotellet på Dalen var også Losby Gods, Bekkjarvik Gjestgiveri og Festningen hotell og resort nominerte til pris. Sistnemnde gjekk til topps i kategorien «Historic Hotel Castle award».