Ungkarar frå Kviteseid blir med i fjernsynsserie og får besøk av bydamer på friarferd med buss. Målet er at damene hoppar av hos ungkarane.
Ungkarar frå Kviteseid blir med i fjernsynsserie og får besøk av bydamer på friarferd med buss. Målet er at damene hoppar av hos ungkarane.

Damebesøk til Kviteseid-karar

Eit handplukka knippe med ungkarar frå Kviteseid skal få besøk av ein buss full av bydamer. Målet er at damene blir att i bygda, og at folketalet aukar.

Eit produksjonsselskap jobbar i desse dagar med å leggje til rette for ein ny fjernsynsserie der staute ungkarar frå Kviteseid vil kome i fjernsynsruta.

Konseptet går ut på at elleve forskjellige distrikskommunar, alle truga av nedgang i folketal, får besøk av ein buss full av bydamer. I kvar kommune, frå sør til nord i Noreg, får damene helse på lokale ungkarar, og oppleve kva bygda har å by på. Målet er at damene blir så overbevist at dei finn det rett og hoppe av bussen for godt og bli verande att i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arbeidet er i gang

Kviteseid kommune blei kontakta av innspelingsselskapet tidleg i førre veke, og planane blei presentert for formannskapsmedlemmene førre onsdag.

Denne veka har produksjonsselskapet starta med å plukke ut og snakke med ungkarar frå Kviteseid kommune.

Må dekkje kostnad

Formannskapet blei bare laust orientert om programplanane førre veke. Saka vil kome på bordet ved seinare høve. Sidan kommunen ynskjer å bli ein av elleve kommunar i programserien, bind dei seg til å huse deltakarane og mannskapet i produksjonsselskapet på totalt 50 personar i fem til seks dagar.

Ordføraren i Kviteseid var ikkje å treffe for kommentar til saka fredag.

Sa nei

Då ordførar i Lund kommune i Rogaland lufta dei same planane for formannskapet sitt, blei det mykje latter hos politikarane, og alle var ikkje like begeistra. Ordføraren og rådmannen i Lund kommune gjorde det klart i eit intervju med Avisen Agder at kommunen ikkje hadde økonomi til å dekke kostnaden til overnatting av 50 personar i fem til seks dagar.